Lynyrd Skynyrd

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lynyrd Skynyrd
Remove ads

Lynyrd Skynyrd er eit USA-amerikansk rockeband mest kjent for ha popularisert Southern rock-sjangerne i 1970-åra. Med røter attende til bandet My Backyard i Jacksonville i Florida i 1964, vart bandet òg kalla The Noble Five og One Percent, før dei slo seg til ro med «Lynyrd Skynyrd» i 1970. Bandet vart verdskjent med signaturlåtar som «Sweet Home Alabama» og «Free Bird». På sitt mest populære døydde bandmedlemmane Ronnie Van Zant og Steve Gaines, i tillegg til korsongaren Cassie Gaines, i ein flystyrt i 1977, og bandet vart oppløyst.

Kjappe fakta Opphav, Aktiv ...

Dei attverande medlemmane starta opp att bandet i 1987 med solovokalisten Johnny Van Zant, ein yngre bror av Ronnie Van Zant. Lynyrd Skynyrd er framleis aktive i dag med dei opphavlege medlemmane Gary Rossington, Johnny Van Zant og Rickey Medlocke, som først skreiv og spelte med bandet i 1971 til 1972, før han kom attende i 1996. Artimus Pyle er framleis aktiv musikar, men spelar ikkje lenger med bandet. Michael Cartellone har spelt med bandet sidan 1999.

Lynyrd Skynyrd har selt 28 millionar plater i USA. Gruppa vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 13. mars 2006.[2] I januar 2018 annonserte Lynyrd Skynyrd ein farvelturné.[3]

Remove ads

Historie

Lynyrd Skynyrd vart skipa av vokalisten Ronnie Van Zant og bestod av ei rekkje skulekameratar, mellom andre Allen Collins og Gary Rossington. Dei spelte i starten saman under fleire namn som My Backyard og Noble Five. Andre namn som vart nytta var Conqueror Worm, Sons of Satan, The Wildcats og til slutt One Percent, som dei hadde fram til 1970.[4] Ikkje lenge etter vart Billy Powell, Bob Burns og Leon Wilkeson med i bandet, og namnet vart endra til Lynyrd Skynyrd. Namnet kjem frå den strenge gymlæraren til Rossington og Burns, som heitte Leonard Skinner.

Bandet spelte saman i nokre år utan vidare stor suksess, før dei i 1973 fekk kontrakt med MCA. Dei første albumet (pronounced 'lĕh-'nérd 'skin-'nérd), vart etterfølgd av ein turné der dei spelte som oppvarmingsband for The Who. Dei slo ikkje verkeleg gjennom før dei kom ut med det andre albumet sitt, Second Helping. Dette kom i 1974 og inneheldt mellom anna «Sweet Home Alabama». Etter Second Helping kom eit par middelmåtige plater, før dei i 1976 kom med konsertalbumet One More From the Road, som sendte bandet opp på listene igjen.

17 oktober 1977 gav dei ut albumet Street Survivors . Berre tre dagar etter var bandet på veg til ein spelejobb i Baton Rouge i Louisiana, då flyet deira krasja utanfor Gillburg i Mississippi. Ronnie Van Zant, Steve Gaines, Cassie Gaines, som var syster til Steve, og manageren til bandet, Dean Kilpatrick, omkom. Krasjen førte til at Street Survivors vart ein stor suksess, og dei overlevande medlemmane bestemte seg for å leggje ned bandet.

I 1987 vart Lynyrd Skynyrd start opp att, denne gongen med den yngste broren til Ronnie Van Zants, Johnny Van Zant som vokalist. Bandet heldt fram heilt fram til dei gav seg i 2018.

Remove ads

Bandmedlemmar

Noverande medlemmar

Turnémedlemmar

  • Dale Krantz-Rossington – korvokal (1987–2018)
  • Carol Chase – korvokal (1996–2018)

Tidlegare medlemmar

  • Ronnie Van Zant – solovokal (1964–1977 då han døydde)
  • Allen Collins – gitar (1964–1977, 1979; død 1990)
  • Bob Burns – trommer (1964–1974; død 2015)
  • Larry Junstrom – bass (1964–1970)
  • Greg T. Walker – bass (1971–1972)
  • Leon Wilkeson – bass (1971–1977, 1987–2001 då han døydde)
  • Billy Powell – klaverinstrument (1972–1977, 1979, 1987–2009 då han døydde)
  • Ed King – gitar, bass (1972–1975, 1987–1996; død 2018)
  • Artimus Pyle – trommer (1974–1977, 1979, 1987–1991)
  • Steve Gaines – gitar, vokal (1976–1977 då han døydde)
  • Hughie Thomasson - gitar (1996-2005; død 2007)
  • Ean Evans - bass (2001–2009; død 2009)
  • Robert Kearns - bass (2009–2012)
  • Johnny Colt - bass (2012–2017)

Honkettes

  • JoJo Billingsley – korvokal (1975–1977; død 2010)
  • Cassie Gaines – korvokal (1975–1977 då ho døydde)
  • Leslie Hawkins – korvokal (1975–1977)
Remove ads

Tidslinje (1. inkarnasjon; 1969-1977)

Diskografi

Studioalbum

Meir informasjon Dato, Tittel ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads