Lyra

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lyra
Remove ads

Lyra (frå latin Lyra) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Det var eit av dei 48 stjernebileta som astronomen Klaudios Ptolemaios skreiv ned på 100-talet og er eit av dei 88 stjernebileta i dag. Den mest kjende stjerna, Vega ligg i hjørnet av Sommartreknanten, og er ei av dei mest lyssterke stjernene på himmelen. Frå nord grensar Lyra til Draken, Herkules, Reven og Svana.[1]

Meir informasjon Latinsk namn, Forkorting ...

Lyra er synleg på den nordlege halvkula frå våren til hausten, og nesten over hovudet på midlare breidder om sommaren. Frå den sørlege halvkula er det syhnleg på lågt på nordhimmelen om vinteren.

Remove ads

Kjende objekt

Thumb
Stjernebiletet Lyra slik det er for det nakne auga.

Stjerner

Dei mest lyssterke stjernen er:[1]

  • α Lyr (Vega). Med ein tilsynelatande storleiksklasse på 0,03 er ho den tredje mest lyssterke stjerna på den nordlege himmelhalvkula (etter Arcturus) og den femte mest lyssterke i alt. Spektralklassen er A0 V og ho ligg berre 25,3 lysår unna.
  • β Lyr (Sheliak). Ei gruppe formørkande dobbeltstjerner er kalla opp etter denne variable stjerna (3,45m, spektralklasse B8 II), Beta-Lyrae-stjerner.
  • γ Lyr (Sulafat). Hovudstjerna i dette fleirstjernesystemet har storleiksklasse 3,24m o gspektralklasse B9 III.
  • δ1 Lyr. Ei dobbeltstjerne som består av ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 6m og ein halvregulær raud kjempe.
  • ε Lyr. Ei kjend kvadruppelstjerne, òg kalla «den doble doble» fordi kvar av dei to mest lyssterke komponentane er ei dobbeltstjerne.
  • ζ Lyr. Ei anna dobbeltstjerne, som ein kan sjå i kikkert.
  • RR Lyr har gjeve namn til ein klasse pulserande variable, RR Lyrae-stjerner.
  • DM Lyr er ein dvergnova, ei tett dobbeltstjerne som består av ein kvit dverg og ei stjerne med låg masse. Den første dreg materie frå den sistnemnde, og dannar ei akkresjonsskive som eksploderer frå tid til tid.
  • Kepler-37 - den minste stjerna ein kjenner til så langt med ein eksoplanet (februar 2013)
  • Kepler-62 - stjerne med fem planetar, oppdaga av romfartøyet Kepler i april 2013.

Kuiper 90 eller 17 Lyrae C (Gliese 747AB), ein raud dverg nær 17 Lyrae, men 26 lysår frå sola.

Djupromsobjekt

Thumb
Messier 56 består av mange stjerner, knytte til kvarandre av tyngdekrafta.[2]

M57, òg kjend som «Ringtåka» og NGC 6720,[3] har ein diameter på eitt lysår og ligg 2 000 lysår frå jorda. Ho er ei av dei mest kjende planetariske tåkene og den andre somv art oppdaga. Ho har ein integrert storleiksklasse på 8,8.[4] Tåka vart oppdaga i 1779 av Antoine Darquier, 15 år etter Charles Messier oppdaga Manualtåka.[5] Astronomerar har avgjort at ho er mellom 6 000 og 8 000 år gammal;[4] og er kring eitt lysår i diameter.[6] Den ytre delen av stjernetåka verkar raud på bielte på grunn av utstråling av ionisert hydrogen. Den mindre regionen er grøn. Den varmaste regionen, nær stjerna i midten, verkar blå på grunn av utstråling frå helium. Den sentrale stjerna er i seg sjølv ein kvit dverg med ein temperatur på 120 000 Kelvin. I teleskop kan ein sjå stjernetåka som ein synleg ring med ein grøn farge, noko elliptisk på grunn av den tredimensjonale torusforma som er sett litt på skrått.[4] Ho ligg halvvegs mellom Gamma Lyrae og Beta Lyrae.[6]

NGC 6745 er ein irregulær spiralgalakse i Lyra som ligg 208 million lysår unna. For fleire millionar år sidan, kolliderte med ein mindre galakse, som skapte ein region med unge, varme og blå stjerner. Astronomane veit ikkje om dei to galaksane berre har streifa kvarandre eller om dei i ferd med ein full frontkollisjon der resultatet kan bli ein stor elliptisk galakse.[4]

Eksoplanetar

Thumb
Eit bilete av Lyra.

Ein har oppdaga fleire eksoplanetar i Lyra, inkludert WASP-3b, HAT-P-5b, GJ 7,8 b og c, HD 178911 Bb, HD 177830 b, TrES-1 og HD 173416 b. I januar 2010 annonserte Kepler-prosjektet at dei hadde oppdaga planetane Kepler-7b, Kepler-8b og tre planetar kring Kepler-9 dei første av mange venta oppdagingar av prosjektet.

I april 2013 vart det annonsert at det var funne fem planetar kring Kepler-62, og at minst to, Kepler-62e og Kepler-62f, ligg innafor den habitable sonen til stjerna, der forskarar trur det kan finnast flytande vatn som jordliknande planetar. Eksoplanetane er kring 1,6 og 1,4 gonger så stor som jorda. Stjerna deira, Kepler-62, ligg 1200 lysår frå jorda.[7]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads