Lytisk syklus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lytisk syklus
Remove ads

Lytisk syklus er prosessen der virus økslar seg gjennom å danna nye viruspartiklar som går ut av vertssella. Dette skil seg frå lysogen syklus hjå bakteriofagar og løynd infeksjon hjå virus som herpesvirusa, der nye viruspartiklar ikkje vert danna og spreidde.[1][2]

Thumb
Lytisk syklus samanlikna med lysogen syklys for ein bakteriofag

Når dei nydanna viruspartiklane skal ut av vertssella, kan dei gjera dette på fleire måtar. Nokre virus får hòl på sellemembranen og drep slik vertssella. Virus med virusmembran kan knoppa seg ut av vertsella og slik unngå å drepa henne.[3] Trådforma bakteriofagar set saman viruspartiklane samstundes som dei vert sende ut av bakteriesella, som heller ikkje vert drepen i denne prosessen.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads