Månane til Uranus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Månane til Uranus
Remove ads
Remove ads

Uranusmånane er dei 27 naturlege satellittane til Uranus. Fem av dei er massive nok til å ha oppnådd hydrostatisk likevekt og ville vore rekna som dvergplanetar om dei hadde gått i bane rundt sola.

Thumb
Uranus og dei seks største månane til planeten

Dei første to månane som blei oppdaga var Titania og Oberon og blei oppdaga av William Herschel den 13. mars 1787. To til, Ariel og Umbriel, blei oppdaga av William Lassell i 1851. I 1852 gav Herschel sin son John Herschel til fire månane som til då var kjende. I 1948 oppdaga Gerhard Kuiper den femte og siste større månen, Miranda.

Nærpasseringa av Voyager 2 i januar 1986 leia til oppdaginga ti nye månar i det indre av uranussystemet. Endå ein måne, Perdita blei oppdaga etter eit studie av gamle Voyager-bilete. To nye månar, òg i bane nær Uranus, blei funne ved hjelp av romteleskopet Hubble. Inntil 1997 var Uranus den einaste av kjempeplanetane som ein enno ikkje hadde oppdaga irregulære satellittar i bane rundt. Sidan då har ni fjerne irregulære månar blitt identifiserte av bakketeleskop.

Regionen mellom hovudringane og Miranda ser ut til å halda på mange månar. Dei små månane blir konstant gravitasjonelt påverka av kvarandre. Systemet er kaotisk og tilsynelatande ustabilt, simuleringar viser at månane kan påverka kvarandre slik at dei får kryssande banar og til slutt kolliderer.[1]

I motsetning til dei fleste planetmånane som har namn ifrå antikken er alle månane til Uranus namnsette etter figurar frå verka til Shakespeare og diktet «The Rape of the Lock» av Alexander Pope.

Remove ads

Tabell over månane

Uranusmånane er lista opp under rangert ifrå kortast til lengst omløpstid. Månar massive nok til å ha kollapsa til ei rund form står på blå bakgrunn. Irregulære, dvs. innfanga, månar med prograde banar står på grå bakgrunn; dei med retrograde banar på mørkegrått.

Meir informasjon Rangering, Namn (runde månar med feit skrift) ...
Remove ads

Irregulære månar

Thumb
Dei irregulære satellittane til Uranus

Diagrammet illustrerer banane til dei irregulære satellittane som er oppdaga så langt. Eksentrisiteten er representert ved dei gule linestykka som strekkjer seg ifrå perisenter til aposenter. Banehellinga er representert på Y-aksen. Satellittane over X-aksen er prograde medan satellittane under er retrograde. X-aksen representerer avstanden til Uranus målt i gigameter (millionar kilometer) og brøkdelen av Hill-sfæren (området gravitasjonen til ein himmellekam rår. For Uranus er denne radiusen på ca. 70 millionar kilometer.).

I motsetning til dei irregulære satellittane til Jupiter finst det ikkje nokon samanheng mellom store halvakse og banehellinga. I staden blir månane delte inn i to grupper basert på forholdet mellom store halvakse og eksentrisiteten.

Den indre gruppa har ein store halvakse mindre 15 % av Hill-sfæren og ein moderat eksentrisitet på ~0,2. Denne gruppa består av:

Den ytre gruppa har ein store halvakse på større enn 15 % av Hill-sfæren og inkluderer satellittar med høg eksentrisitet (~0,5). Denne gruppa består av[2]:

Remove ads

Namna

Namna til uranusmånane kjem ifrå dei følgjande verka:

  • The Rape of the Lock, dikt av Alexander Pope: Ariel, Umbriel og Belinda
  • Skodespel av William Shakspeare:
    • A Midsummer Night's Dream: Titania, Oberon, Puck
    • The Tempest: (Ariel), Miranda, Caliban, Sycorax, Prospero, Setebos, Stephano, Trinculo, Francisco, Ferdinand
    • King Lear: Cordelia
    • Hamlet: Ophelia
    • The Taming of the Shrew: Bianca
    • Troilus and Cressida: Cressida
    • Othello: Desdemona
    • Romeo og Julie: Juliet, Mab
    • The Merchant of Venice: Portia
    • As You Like It: Rosalind
    • Much Ado About Nothing: Margaret
    • The Winter's Tale: Perdita
    • Timon of Athens: Cupid

Nokre asteroidar deler namn med uranusmånar: 171 Ophelia, 218 Bianca, 593 Titania, 666 Desdemona, 763 Cupido og 2758 Cordelia.


Uekte månar

Titania og Oberon blei oppdaga av Herschel 11. januar 1787. Påfølgjande trudde Herschel at han hadde observert fire andre månar, to i 1790 (18. januar og 9. februar) og to til i 1794 (28. februar og 26. mars). Det blei difor trudd i fleire tiår etter ar Uranus hadde seks satellittar, sjølv om ingen annan astronom hadde greidd å bekrefta dei fire siste. Observasjonane til Lassell i 1851, då han oppdaga Ariel og Umbriel, kunne ikkje støtta Herschel sine observasjonar. Ariel og Umbriel, som Herschel burde ha sett dersom han hadde sett månar i ved sida Titania og Oberon, passa ikkje med banekarakteristikaa til Herschel sine fire satellittar og æra for oppdaginga av Ariel og Umbriel gjekk til Lassell.[3] Det var tenkt at Herschel sine fire uekte satellittar hadde baneperiodar på 5,89 (kortarte enn Titania), 10,96 dagar (mellom Titania og og Oberon) og 38,08 og 107,69 dagar (utfor Oberon).[4]

Remove ads

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

Loading content...

Kjelde

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads