Machair

From Wikipedia, the free encyclopedia

Machair
Remove ads

Machair eller machar er eit gælisk ord for ei frodig, lågtliggande grasslette på nordvestkysten av Irland og Skottland, særleg i Ytre Hebridane. Det finst to forskjellige typar.

  • Ei slags eng av sanddyner som vert dyrka og som dominerer i våte og vindfulle område.
  • Landområdet mellom ei strand og eit område der sand trenger inn i eit myrområde lenger inne i landet.
Thumb
Machair på Berneray
Thumb
Machair på Berneray i Ytre Hebridane.
Remove ads

Geologi

I begge tilfelle er ein machair ei tidlegare strand som er løfta opp forbi stranda etter at havnivået har senka seg. Machairar er frodige fordi sanden er rik på skjel, stundom så mykje som 90 % skjel. Denne sanden bles innover land og nøytraliserer syrenivået i myrene og fører til frodige grassletter.

Økologi

Machairar har ofte eit unikt økosystem. Dei kan huse sjeldne blomar som hønsegras, orkidear og engkall,[1] av mange fuglartar som åkerrikse, bergirisk, strandvipe, raudstilk og sandlo og av fleire sjeldne insekt som ein spesiell bieart. Nokre machairar er truga av erosjon på grunn av stigande havnivå, og av at strendene i nærleiken vert nytta av menneske.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads