Macrinus

romersk keisar From Wikipedia, the free encyclopedia

Macrinus
Remove ads

Macrinus (164218) var romersk keisar frå 217 til 218. Han var av nordafrikansk ætt («maurar») og pretorianarprefekt under keisar Caracalla. Han kom til keisarmakta ved at han fekk Caracalla drepen under eit felttog til Mesopotamia og seg sjølv kunngjord som keisar etter dette.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Macrinus miste sjølv makta etter at Julia Maesa, morsyster til Caracalla, introduserte Elagabal i ein militærleir som ein ekte son av Caracalla. Elagabal var i røynda son av eine dottera til Maesa, men den romerske hæravdelinga stilte seg bak kravet til Elagabal på trona. Macrinus evna ikkje å slå ned denne oppreisten og vart drepen ikkje lenge etterpå.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads