Macronyx
slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Macronyx (engelsk Longclaw) er ei biologisk slekt av åtte afrikanske sporvefuglar i erlefamilien Motacillidae.
Macronyx-artane er slanke, ofte fargerike, insekteterar som beitar på bakken i ope landskap. Dei er bakkehekkarar og legg opptil fire flekka egg i kullet. Det engelske fellesnamnet på artane longclow, refererer til dei uvanleg lange bakklørne, som ein reknar med hjelper til med å gå på gras, som er hovudingrediens i typiske habitatet for denne gruppa.
Slekta Macronyx vart introdusert av den engelske naturforskaren William Swainson i 1827 med eldpiplerke M. capensis som typeart.[1][2] Namnet kombinerer dei klassiske greske orda makros «lange» eller «store» og onux «klo».[3]
Remove ads
Skildring
Dei åtte artane har likskap i morfologi med fjørdraktmønster, lange bein og klør og relativt lange nebb for å plukke insekter med. Macronyx-artane er kjende for iaugefallande fjørdrakt, med gule, oransje eller raudlege strupar og bryst, markerte med mørke band. Hannane har som regel sterkare fargar og meir tydelege teikningar enn hoer og ungfuglar, som gjerne er mattere og mindre kontrastfulle. Dei har ein oppreist kroppshaldning og blir ofte sett sitjande på steinar, jordklumpar eller grastustar. Dei lever gjerne åleine eller i par, og sjeldan i store flokkar. Songen og ropa er melodiøse eller ljose i tonen.
Fuglane i denne slekta er større med meir robust kroppsbygging enn erler og Anthus-piplerker. Macronyx-artane er typisk 20 cm, men kikuyupiplerke Macronyx sharpei i Kenya skil seg ut med noko mindre kroppsstorleik.
Desse fuglane hekkar vanlegvis på bakken, ofte godt gøymd i graset, og er spesialiserte på å fange insekt og andre smådyr som finst i grasmarkene dei lever i.
Alle populasjonar lever i Afrika sør for Sahara, fire av artane kan sjåast i Angola, og tre av dei kan ha overlappende habitat.[4]
Remove ads
Artslista
Macronyx i rekkjefølgje etter AviList v2025:[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]
- Kikuyupiplerke, Macronyx sharpei, Sharpe's Longclaw, Jackson, FJ, 1904, (EN)
- 16-17 cm, høglandet i Kenya
- Eldpiplerke, Macronyx capensis, Cape Longclaw, (Linnaeus, 1766), (LC)
- 20-21 cm, tørr grasslett i Botswana og Sør-Afrika
- Gulstrupepiplerke, Macronyx croceus, Yellow-throated Longclaw, (Vieillot, 1816), (LC)
- 20–22 cm, tørre grassletter sør for Sahara
- Svovelpiplerke, Macronyx fuelleborni, Fülleborn's Longclaw, Reichenow, 1900, (LC)
- 20 cm, lever i både tørre og fuktigare habitat i Angola og tilgrensande land og i Tanzania
- Etiopiapiplerke, Macronyx flavicollis, Abyssinian Longclaw, Rüppell, 1840, (NT)
- 20 cm endemisk til Etiopia på opne gassletter opptil 3000 moh.
- Tornpiplerke, Macronyx aurantiigula, Pangani Longclaw, Reichenow, 1891, (LC)
- 19–20 cm, lever i Aust-Afrika, i tørre habitat under 1000 moh.
- Skarlakspiplerke, Macronyx ameliae, Rosy-throated Longclaw, de Tarragon, L, 1845, (LC)
- 19–20 cm, utbreiing overlappande med svovelpiplerke, vesentleg i Angola og Zambia, men skarlakspiplerke føretrekk fuktigare habitat
- Angolapiplerke, Macronyx grimwoodi, Grimwood's Longclaw, Benson, 1955, (LC)
- 20-21 cm, på grassletter og i elvedaler i Angola og DR Kongo
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
