Erler og piplerker
familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Erler og piplerker utgjer erlefamilien og har vitskapleg namn Motacillidae. Dette er rundt 70 artar i seks slekter av små sporvefuglar med middels til lang stjert.
Slekta Motacilla, typiske erler, lever i Europa, Afrika og Asia, med to artar som migrerer for hekking i Alaska. Slektene Macronyx, Tmetothylacus og Hemimacronyx er heilt avgrensa til tropisk Afrika, dei andre piplerkene har den mest kosmopolitisk utbreiinga, og finst over det meste av «den gamle verda», eit fåtal finst òg i Amerika, dessutan på øyar som New Zealand og Falklandsøyane.
Remove ads
Skildring
Erler og piplerker er slanke, små til middels store sporvefuglar, mellom 11,5 og 24 centimeter lange,[1] med kort hals og lange, rørlege stjertar. Dei syner ingen kjønnsdimorfisme i storleik. Dei har lange, bleike bein med lange tær og klør, ei spesiell baktå som kan vere opp til 4 cm i lengd hos nokre piplerker.[2] Artane i slekta Macronyx har namnet 'longclows' på engelsk. Macronyx-artane er generelt meir robuste og større enn erler og andre piplerker og kan vege så mykje som 64 gram. Erler og andre piplerker har vektvariasjonar frå 15 til 31 gram. Fjørdrakta til dei fleste piplerker er typisk kjedeleg brun, desse piplerkene minner om lerker, sjølv om nokre artar har tydelegare farga drakter, spesielt gullpiplerke i Nordaust-Afrika. Vaksne hannar av Macronyx har sterke fargar på undersida. Erler har ofte ei kontrastrik fjørdrakt i grått, svart og kvitt, og mange har gul farge i tillegg.
Dei fleste erler er bakkelevande insektetarar på nokså opent land. Dei okkuperer nesten alle tilgjengelege habitat, frå kysten til høgfjellet. Erler føretrekkjer fuktigare habitat enn piplerker. Nokre artar brukar skog, inkludert skogerle, og andre artar brukar elvar slik som gulerle og bergerle.
Erler og piplerker tar eit breitt spekter av små virvellause byttedyr, særleg er insekt mykje brukte, men dietten inkluderer òg kongroer og små virvellause blautdyr og leddyr, meir sjeldan meitemark.[3] Alle artane i familien ser ut til å vere ganske einsidige i kosthaldet, det som er mest vanlege bytte for ein bestemt art eller populasjon reflekterer vanlegvis lokal tilgang på næring.
Med unntak av skogerle, hekkar artane i denne familien på bakken[4] og legg opp til sju flekkete egg, i tempererte område mest vanleg 4-6 egg.[5]



Remove ads
Artsliste
Erler og piplerker i rekkjefølgje etter AviList v2025:[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]
- Slekt Dendronanthus
- Skogerle, Dendronanthus indicus, Forest Wagtail, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
- Slekt Motacilla
- Gulbukerle, Motacilla flaviventris, Madagascar Wagtail, Hartlaub, KJG, 1860, (LC)
- Kortstjert, Motacilla bocagii, Sao Tome Shorttail, (Sharpe, RB, 1892), (VU)
- Oskeerle, Motacilla capensis, Cape Wagtail, Linnaeus, C, 1766, (LC)
- Bergerle, Motacilla clara, Mountain Wagtail, Sharpe, RB, 1908, (LC)
- Vintererle, Motacilla cinerea, Grey Wagtail, Tunstall, M, 1771, (LC)
- Gulerle, Motacilla flava, Western Yellow Wagtail, Linnaeus, C, 1758, (LC)
- Sitronerle, Motacilla citreola, Citrine Wagtail, Pallas, PS, 1776, (LC)
- Austgulerle, Motacilla tschutschensis, Eastern Yellow Wagtail, Gmelin, JF, 1789, (LC)
- Afrikaerle, Motacilla aguimp, African Pied Wagtail, Temminck, CJ, 1820, (LC)
- Skjorerle, Motacilla maderaspatensis, White-browed Wagtail, Gmelin, JF, 1789, (LC)
- Linerle, Motacilla alba, White Wagtail, Linnaeus, C, 1758, (LC)
- Japanerle, Motacilla grandis, Japanese Wagtail, Sharpe, RB, 1885, (LC)
- Mekongerle, Motacilla samveasnae, Mekong Wagtail, Duckworth, JW; Alström, P; Davidson, PJA; Evans, TD; Poole, CM; Setha, T; Timmins, RJ, 2001, (NT)
- Slekt Tmetothylacus
- Gullpiplerke, Tmetothylacus tenellus, Golden Pipit, (Cabanis, JL, 1878), (LC)
- Slekt Hemimacronyx
- Sitronpiplerke, Hemimacronyx chloris, Yellow-breasted Pipit, (Lichtenstein, MHC, 1842), (VU)
- Slekt Macronyx
- Kikuyupiplerke, Macronyx sharpei, Sharpe's Longclaw, Jackson, FJ, 1904, (EN)
- Eldpiplerke, Macronyx capensis, Cape Longclaw, (Linnaeus, C, 1766), (LC)
- Gulstrupepiplerke, Macronyx croceus, Yellow-throated Longclaw, (Vieillot, LJP, 1816), (LC)
- Svovelpiplerke, Macronyx fuelleborni, Fülleborn's Longclaw, Reichenow, A, 1900, (LC)
- Etiopiapiplerke, Macronyx flavicollis, Abyssinian Longclaw, Rüppell, WPES, 1840, (NT)
- Tornpiplerke, Macronyx aurantiigula, Pangani Longclaw, Reichenow, A, 1891, (LC)
- Skarlakspiplerke, Macronyx ameliae, Rosy-throated Longclaw, de Tarragon, L, 1849, (LC)
- Angolapiplerke, Macronyx grimwoodi, Grimwood's Longclaw, Benson, CW, 1955, (LC)
- Slekt Anthus
- 46 artar av piplerker
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
