Mad Shadows
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mad Shadows var det andre studioalbumet til Mott the Hoople. Det vart spelt inn i 1970 og kom ut i Storbritannia på Island Records i september 1970 og i USA av Atlantic Records. Som debutalbumet vart dette albumet produsert av Guy Stevens.
Den originale utgåva nådde 48. plassen på UK Albums Chart i oktober 1970.[3]
Remove ads
Mottaking
Stephen Thomas Erlewine i AllMusic gav albumet to av fem stjerner og skreiv: «Om debutalbumet til Mott the Hoople på muntert vis gjekk i alle retningar, så har den andre plata deira, Mad Shadows, ei retning - ned i tett mørkre.»[1]
Innhald
Alle songane er skrivne av Ian Hunter utanom der andre er nemnde.
Remove ads
Medverkande
Mott the Hoople
- Ian Hunter – solovokal (spor 2-5, 7-9), delt solovokal (6), piano, rytmegitar
- Mick Ralphs – sologitar, korvokal, solovokal (spor 1), delt solovokal (6)
- Pete «Overend» Watts – bass, korvokal
- Dale «Buffin» Griffin – trommer, korvokal
- Verden Allen – orgel, korvokal
Andre medverkande
- Guy Stevens – «psykisk» piano, «andeleg» perkusjon
Teknisk
- Guy Stevens – produsent
- Andy Johns – lydteknikar
- Ginny Smith, Peter Sanders – design
- Gabi Naseman – fotografi
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads