Mott the Hoople av Mott the Hoople
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mott the Hoople er det sjølvoppkalla debutalbumet til bandet med same namn. Det vart produsert av Guy Stevens og kom ut i 1969 på Island Records i Storbritannia (ILPS 9108), og i 1970 på Atlantic Records i USA (SD 8258). Det kom ut på ny på Angel Air i 2003 (SJPCD157).
Remove ads
Bakgrunn
Stevens var den opphavlege mentoren til gruppa og ønskte å skape eit album som skulle lete som om Bob Dylan song med The Rolling Stones. Dette oppnådde dei til dels og albumet inneheld fleire Dylan-aktige coverversjonar av aggressive rockesongar. Fleire år seinare sa vokalisten Ian Hunter - som berre nyleg hadde kome inn i bandet før innspelinga av Mott the Hoople - i eit intervju med Trouser Press i august 1980 at Stones-songen «Bitch» frå 1971 minna kraftig om songen «Rock and Roll Queen» på dette albumet.[4] (Begge songane er i A-dur og nyttar ein pentatonisk skala.)
Ein instrumental versjon av The Kinks-songen «You Really Got Me» opnar albumet. Det vart og spelt inn ein versjon med vokal som sidan kom ut på samlealbumet Two Miles From Heaven. Doug Sahm sin «At the Crossroads» (opphavleg spelt inn av bandet til Sahm, Sir Douglas Quintet i 1968) og Sonny Bono sin «Laugh at Me» (opphavleg gjeven ut som ein song av Sonny & Cher på det andre albumet deira i 1966, men utan vokal frå Cher) minnar begge om Bob Dylan, og det same gjer Hunter sin «Backsliding Fearlessly.»
Dei første trykka av det britiske albumet vart trykt feil med songen «The Road to Birmingham,» (B-sida til debutsingelen deira i Storbritannia) på slutten av side ein og med «Backsliding Fearlessly» i staden for «Rock and Roll Queen» på byrjinga av side to.
Plateomslaget var ein fargelagt reproduksjon av M.C. Escher sitt litografi kalla «Reptiles.» Tilfeldigvis, sidan Guy Stevens ønskte at Mott skulle høyrast ut som The Rolling Stones, hadde Mick Jagger tidleg i 1969 teke kontakt med Escher for å få han ti å måle plateomslaget til det komande Stones-albumet Let It Bleed. Escher avslo tilbodet.[5]
Remove ads
Mottaking
Stephen Thomas Erlewine i AllMusic, gav albumet fire av fem stjerner og sa:
« | Fram til dette punktet er Mott the Hoople særs nyskapande og vilt fantasifulle og oppkvikkande, og det er nok til å gjera dette til ein fin debut, sjølv om det fell av sporet på den andre sida. Den første sida og dei to originalane syner eit band der rå kraft balanserer ein slu humor, smarte vendingar og heftig intelligens – alle kvalitetar dei bygde ein karriere på, og denne blåkopien tåler framleis tidas tann.[1] | » |
Robert Christgau gav albumet «C+» og skreiv: «Trass i hypen, slår desse karane meg som eit ordinært hardrockband.»[6]
Remove ads
Innhald
Medverkande
Mott the Hoople
- Ian Hunter – solovokal (alle utanom 9), piano, rytmegitar
- Mick Ralphs – sologitar, korvokal, solovokal (9)
- Pete «Overend» Watts – bass, korvokal
- Dale «Buffin» Griffin – trommer, korvokal
- Verden Allen – orgel, korvokal
Andre medverkande
- Guy Stevens – piano
Teknisk
- Guy Stevens – produsent
- Andy Johns – lydteknikar
- M.C. Escher – teikning på framsida
Salslister
Album
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads