Magdalenatapakulo

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Magdalenatapakulo
Remove ads

Magdalenatapakulo (Scytalopus rodriguezi) er ein fugl i tapakulofamilien som er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til øvre Magdalenadalen.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Dette er ein mellomstor tapakulo, ca. 11,5 centimeter, og med kroppsvekt på ca. 22 gram. Fjørdrakta til vaksne fuglar er mørk skifergrå med kanelbrun, mørkt tverrstripa overgump, undergump og bakre kroppssider. Magdalenatapakuloar lever i underskogen av fuktig, høg skog, i eit relativt smalt høgdebelte frå frå 2000 til 2300 moh. Dette er insektetande fuglar.[1]

Populasjonen er estimert til å ligge på mindre enn 10 000 individ er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som sterkt truga, EN.[2]

Remove ads

Om tapakuloar generelt

Tapakuloar lever i tett vegetasjon på eller nær bakkenivå og finst hovudsakleg i fjellområda i utbreiingsområdet sitt. Dei kan vere særs krevjande å observere ettersom dei spring i underskogen på ein musaktig måte. Artane er terrestriske, har korte venger og fuglane har derfor dårlege flygeevner. Dei har kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist. Dei vert enklast oppdaga og identifisert med hjelp av kjenneteikn i songen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads