Mahdha

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Mahdha eller Wilayat Mahdha er ein omansk eksklave i Dei sameinte arabiske emirata. Det grensar til emirata Sharjah, Ajman og Dubai. Ein måtte tidlegare passere gjennom Madha for å nå Ajmani-eksklaven Masfut, i tillegg til Dubai-eksklaven Hatta, ein populær turiststad med hotell, ein statleg museumslandsby og den kjende Hatta-vegen.[1] Her ligg Rawdah og han vert styrt frå Buraimi. Området var tradisjonelt heimstaden til Bani Ka'ab-stamma.[1]

Tidlegare var det mogeleg å køyre rett inn i Madha, men no er det formelle inngang- og utgangsvegar, med krav om pass eller emiratarbisk ID-kort for å sleppe over grensa.[2]

Ein må òg passere gjennom Madha for å nå Hatta-grensa mellom Dei sameinte arabiske emirata og sjølve Oman. Dette er ein populær tur for utanlandske arbeidarar som treng å gjere ei «visumreise» for å fornye visumet sitt i Emirata. Eit turistvisum er gyldig i ein månad, men kan fornyast ved ein politistasjon i opp til tre månader, men då må ein forlate landet først.[3]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads