Mahmud av Ghazni
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mahmud av Ghazni (979–30. april 1030) var den viktigaste herskaren i det persiske Ghaznavide-dynastiet. Han var frå Ghazni-provinsen i Afghanistan, og var den første i dynastiet med tittelen «sultan». Han erobra austlege iranske område og nordvestlege delar av det indiske subkontinentet i tida frå 997 og til han døydde i 1030. Mahmud gjorde den tidlegare provinsbyen Ghazni eller Ghazna om til ein rik hovudstad for eit utstrekt rike som dekte det meste av dagensAfghanistan, austlege Iran og Pakistan.[1][2]

Remove ads
Bakgrunn
Mahmud var son av Sabuktigin, ein mamelukk av tyrkarherkomst som grunnla Ghaznavidedynastiet.[3] Han var herskar i Ghazni frå 998. I 1021 invaderte og erobra han Multan og Panjab.
Han oppretta eit kulturelt sentrum med muslimsk profil i Lahore, og er rekna som grunnleggjaren av Delhisultanatet.
Riket hans blei kortvarig. Berre ti år etter hans død hadde det krympa til eit lokalt fyrstedøme i Aust-Afghanistan og Nordvest-India.[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads