Makedonsk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Makedonsk er eit sørslavisk språk som hovudsakleg blir tala i Nord-Makedonia, der det er offisielt språk. Det blir også tala i Albania, Bulgaria, Hellas og den makedonske diasporaen.
- Denne artikkelen handlar om det slaviske språket makedonsk. For språket som blei talt i Makedonia i antikken, sjå antikk makedonsk.
Språket er mykje likt bulgarsk i grammatisk struktur og ordtilfang. Makedonsk har også mange ord frå tyrkisk som spor frå Det osmanske riket. I dag tek det hovudsakleg opp lånord frå engelsk.


Remove ads
Skriftsystem
Makedonsk blir skrive med ein makedonsk variant av det kyrilliske alfabetet. Det moderne makedonske alfabetet blei teke i bruk i 1944, og skil seg litt frå det serbiske kyrilliske ved å ha bokstaven ѕ for affrikatet /dz/ og bokstavane ć for serbisk ќ og đ for ѓ. Schwa-lyden har ikkje eigen bokstav, men blir uttryk med apostrof.
Forklaring: Namn er namnet til bokstaven på makedonsk, IPA er uttalen i høve til det internasjonale fonetiske alfabetet. Transliterasjon er den som er internasjonalt utbreidd. Det finst også andre måtar å transliterera på, til dømes i SMS eller e-mail, særleg for ќ ("k", "kj", "kk") og ѓ ("g", "gj", "gg", "dj").
Remove ads
Språkdøme
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads