Schwa

From Wikipedia, the free encyclopedia

Schwa
Remove ads

Schwa er eit omgrep innan fonetikk for ein trykklett, redusert vokallyd klassifisert som ein sentral midtre vokal, det vil seia uttalt med tunga plassert midt i munnen. Ein uttaler schwa med avslappa tunge og lepper, og blir ofte rekna som uspesifisert for trekka høg, låg, fremre/bakre og rund. I det internasjonale fonetiske alfabetet blir schwa skrive som ein e snurra opp ned, ə. Namnet «schwa» kjem frå hebraisk sjevá, ein nøytral eller stum vokal.

Schwa er opningslyden i engelsk «again».
Schwa er den første vokalen i denne franske uttalen av «petit déjeuner».
Ein tydelegare uttale av «petit» kan føra til at schwa får ein eigen kvalitet.
Denne artikkelen handlar om eit fonetisk omgrep. For schwa i hebraisk, sjå sjevá.
Thumb
Vokalfirkanten der ein ser schwa, [ə], heilt i midten.

Schwa er den vanlegaste vokallyden i engelsk, og finst til dømes som førstevokal i «again», midtvokal av «photograph» og sluttvokal i «mother». Mange andre vokalar blir reduserte til schwa når dei er i ei trykksvak staving. På norsk finn me ofte schwa i siste stavinga av hannkjønnsord i bestemt form, som «mannen», uttalt /manən/, og i nokre uttalar i slutten av infinitvsformer av verb, som «bite». I nokre høve kan schwa-lyden bli vidare redusert og forsvinna heilt, som når «mannen» får uttalen /man.n/. Schwa og schwa-reduksjon er utbreidd i fransk, der ordet «petit» kan uttalast anten /pəti/ eller redusert, som /pti/. Om ein legg trykk på stavinga som har ein schwa, til dømes ved svært tydeleg uttale eller i song, vil vokalen få ein annan vokalkvalitet enn schwa. Eit ord som «petit» får då uttalen /pøti/.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads