Malaika Mihambo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Malaika Mihambo (fødd 3. februar 1994) er ein tysk friidrettsutøvar frå Heidelberg som vart europameister 2018, verdsmeister 2019, olympisk meister 2021, verdsmeister 2022 og europameister 2024 i lengdehopp. Ho har ein personleg rekord på 7,30 meter frå verdsmeisterskapen 2019.
Remove ads
Aktiv
Mihambo gjorde personbeste i lengdehopp med 6,90 meter i 2014. To år seinare tok ho bronsemedaljen i øvinga ved EM i friidrett 2016, før ho under Sommar-OL 2016 flytta sitt personbeste til 6,95 m i finalen og vart nummer 4. I Weinheim 26. mai 2018 forbetra ho rekorden sin til 6,99 meter, seinare same sommaren vart ho europameister med moderate 6,75 m.
2019-sesongen var Mihambo i sitt livs beste form. Ho forbetra den personlege rekorden til 7,07 m i Roma den 6. juni, vidare til 7,16 m i den tyske meisterskapen i Berlin 4. august, for så å toppe rekordreisa med 7,30 meter i VM finalen i Doha den 4. oktober. Under dei olympiske sommarleikane i Tokyo 2021 låg ho på tredjeplass før sjette og siste finaleomgang. I sitt siste forsøk landa ho på 7,00 meter og årsbeste, dermed la ho dei andre medaljevinnarane 3 centimeter bakom seg.
Mihambo vann den tyske meisterskapen i lengdehopp i 2016 og åra 2018-21.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (6,49 m =nr 18)
- EM 2014 i Zürich: Nr 4 – 6,65 m
- VM 2015 i Beijing: Nr 6 – 6,79 m
- EM 2016 i Amsterdam: Bronsemedalje – 6,65 m
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 4 – 6,95 m
- EM 2018 i Berlin: Gullmedalje – 6,75 m m, framom Maryna Bekh (6,73 m)
- VM 2019 i Doha: Gullmedalje – 7,30 m, framom Maryna Bekh-Romansjuk (6,92 m)
- OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje – 7,00 m, framom Brittney Reese (6,97 m)
- VM 2022 i Eugene: Gullmedalje – 7,12 m, framom Ese Brume (7,02 m)
- EM 2022 i München: Sølvmedalje – 7,03 m, bakom Ivana Vuleta (7,06 m)
- EM 2024 i Roma: Gullmedalje – 7,22 m, framom Larissa Iapichino (6,94 m)
- OL 2024 i Paris: Sølvmedalje – 6,98 m, bakom Tara Davis-Woodhall (7,10 m)
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Malaika Mihambo» frå Wikipedia på tysk, den 15. mai 2022.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads