Mama Weer All Crazee Now

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Mama Weer All Crazee Now» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1972 som den første singelen frå det tredje studioalbumet Slayed?. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Han gjekk til topps på den britiske singellistar og var den tredje singelen deira som klarte dette. Han låg inne på lista i ti veker.[2] I USA nådde songen 76. plassen.[3]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Singelen gjekk til topps både i Storbritannig og Irland og vart ein hit over heile Europa.[4] «Mama Weer All Crazee Now» var den første melodien Lea skreiv heilt aleine. Holder fekk ideen til teksten under ein konsert på Wembley Arena i London. Etter konserten såg han på restane av øydelagde sete i auditoriet og tenkte «Herregud, alle må ha vore heilt galne i kveld.»[5][6] Songen heitte opphavleg «My My We're All Crazy Now». Då Holder og Lea spelte songen akustisk for Chandler for første gongen, trudde han at Holder song «Mama We're All Crazy Now».[5] Namnet vart endra etter dette då Holder og Lea tenkte at tittelen til Chandler var betre.[7]

B-sida til singelen var «Man Who Speeks Evil» og var eksklusiv på singelen før han til slutt kom ut på samleplata B-Sides i 2007.[8] Det vart ikkje laga musikkvideo til songen.[9][10] I Storbritannia framførte songen på musikkshowet Top of the Pops. I Tyskland vart songen framført på TV-showa Disco og Musikladen. Han vart òg framført på TopPop.[11]

AllMusic-skribenten Dave Thompson skildra songen som «komplett adrenalinmonster, øyredøyvande høgt med teksten framført av eit hest brølt».[6]

Remove ads

Innhald

7"-singel
  1. «Mama Weer All Crazee Now» - 3:43
  2. «Man Who Speeks Evil» - 3:15
7"-singel (Argentina)
  1. «Mama Weer All Crazee Now» - 3:43
  2. «Take Me Bak 'Ome» - 3:13
7"-singel (Amerikansk promo)
  1. «Mama Weer All Crazee Now» - 3:43
  2. «Mama Weer All Crazee Now» - 3:43

Salslister

Meir informasjon Liste (1972), Plassering ...

Medverkande

Slade
Andre medverkande

Coverversjonar

  • I 1973 gav Les Humphries Singers & Orchestra ut ein versjon av songen på albumet deira Sound '73.[21]
  • I 1973 spelte den tyske komponisten og storbandleiaren James Last spelte inn ein instrumental orkestrert versjon av songen for albumet Non Stop Dancing 1973.[22]
  • I 1978 spelte det amerikanske rockebandet The Runaways inn ein versjon av songen for albumet deira And Now... The Runaways.[23]
  • I 1984 spelte det amerikanske heavy metal-bandet Quiet Riot inn ein versjon for albumet deira Condition Critical.[24] Han kom ut på singel og nådde 51. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.[25]
  • I 1984 spelte det irske hardrockbandet Mama's Boys inn ein versjon av songen for det sjølvoppkalla albumet sitt. Han kom òg ut på singel.[26][27]
  • I 1988 gav det spanske heavy metal-bandet Ángeles del Infierno ut ein versjon av songen i 1988 på albumet deira 666.[28]
  • I 1990 spelte glamrockbandet The Metal Gurus inn ein versjon av songen som B-side til singelen «Merry Xmas Everybody», ein annan Slade-song. Singelen vart produsert av Holder og Lea, og nådde 55. plassen i Storbritannia.[29][30]
  • I 1996 gav John Springate frå glamrockgruppa The Glitter Band ut ein versjon av songen for glamrockalbumet Wham Bam Thank You Glam.[31]
  • I 1996 gav det engelske rockabillybandet Big 6 ut ein versjon av songen på albumet Ready to Rock.[32]
  • I 1997 gav det walsiske antifascististke Oi!-bandet The Oppressed ut ein versjon av songen på EP-en «The Noise», i lag med coverversjonar av Slade-songane «Cum On Feel the Noize» og «Gudbuy T'Jane».[33] The three covers were also included on the 1998 album More Noize for the Boys.[34]
  • I 2009 gav det amerikanske skapunk-bandet Reel Big Fish ut ein versjon av songen på albumet Fame, Fortune and Fornication.[35]
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads