Mamelukk-sultanatet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mamelukk-sultanatet
Remove ads

Mamelukk-sultanatet (arabisk: سلطنة المماليك; Sulṭanat al-Mamālīk) var ei statsdanning som omfatta Egypt, Levanten og Hijaz i Arabia som varte frå styrtinga av Ajjubide-dynastiet i 1250 til den osmanske erobringa av Egypt i 1516-17. Herskarkasten i dynastiet var mamelukkar, arabiserte soldatar som opphavleg hadde vore slavar av kiptsjaktyrkisk,[2] tsjerkessisk, abkhasisk[3] oghuz-tyrkisk[4] og georgisk opphav.[5][6] Mamelukkar hadde høgare status enn vanlege slavar, og kunne bera våpen.

Kjappe fakta 1250–1517 ...
Remove ads

Styret til Baibars (1260-1277) markerte byrjinga på mamelukkae sin dominans i det austlege middelhavsområdet. Han klarte å endeleg få fjerna krossfararane frå Syria og å eina Syria og Egypt til éin mektig stat som var i stand til å forsvara seg mot både krossfararane og mongolane. Som sultan brukte Baibars også ein kombinasjon av diplomati og militære handlingar som gjorde at mamelukkane kunne utvida riket sitt. Sjølv om dynastiet etter kvart gjekk over i ei nedgangstid, representerte det i stordomstida si eit politisk, økonomisk og kulturelt høgdepunkt i den muslimske mellomalderen i Levanten og Egypt.[7]

Remove ads

Mamelukksultanar

Baḥri-dynastiet

Al-Mamālīk al-Baḥariyya المماليك البحرية

Meir informasjon Herskarnamn, Personleg namn ...
  • Gul bakgrunn indikerer det nominelle styret til ajjubide-dynastiet under Sultan al-Ašraf Muzaffar ad-Din Musa 1250–1254.
    • Sølv bakgrunn indikerer avbrekk der Burǧi-dynastiet herska


Burǧi-dynastiet

Al-Mamālīk al-Burǧiyyah المماليك البرجية

Meir informasjon Herskarnamn, Personleg namn ...
  • Oransje bakgrunn indikerer avbrot med styre av Baḥri-dynastiet.


Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads