Mandsju
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mandsju er eit utryddingstrua tungusisk språk som blir snakka i Nordaust-Kina. Mandsju er eit agglutinerande språk med avgrensa vokalharmoni. Språket stammar frå jurchen, men har stort ordforråd frå mongolsk og kinesisk.

Mandsju var språket til mandsjuar, mellom anna tidlege Qing-herskarar, men desse har gjennom fleire hundreår gått over til mandarin-kinesisk. Mens det i dag finst rundt 10 millionar etniske mandsjuar, finst det under 70 talarar av mandsju. Språket er gjensidig forståeleg med sibe frå nordvest i landet, som har fleire talarar.
Mandsju-skrift er avleidd frå det mongolske alfabetet og blir skrive loddrett.
Remove ads
Kjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads