Mansourieh

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mansourieh
Remove ads

Mansourieh (arabisk المنصورية, al-Manṣūriyat, òg skrive el-Mansourieh, Mansouriyeh eller Mansouriyet el-Matn) er ein landsby i Matn distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Han ligg kring 10 km aust for Beirut, på ein åstop over hovudstaden.

Remove ads

Etymologi

Namnet kjem frå det arabiske منصور, Manṣūr, som tyder «sigrande», og truleg syner til eit slag mellom krossfararar og arabarar, som arabarane vann.

Geografi

Thumb
Jisr es-Sid i Mansourieh

Landsbyen ligg på toppen av ein rygg, og grensar i sør og sørvest til ei elv, Beirutelva og i nord til Mar Roukouz-ravinen (St. Roches). I aust glir Mansourieh saman med Ain Saadeh og Monte Verde, og heller nedover i vest til Mkalles og Sin el-Fil. På andre sida av elva i sørvest ligg Hazmieh, ein del av Baabda distrikt. Daychounieh ligg på søraustsida, mot Baabda og Louaize.[1]

Mansourieh ligg 16 km frå hovudstaden Beirut, 16 km frå Baabda og 12 km frå Jdeideh.

Fram til tidleg i 1990-åra var Mansourieh hovudsakleg eit landleg område. Slettene ved breidda av Beirutelva vart nytta til dyrking av sitrus. Olivenlundar var tradisjonelt i dei tørrare områda. Furuskogar dekkj søraustsida. Vinrankar og fikentre utgjer resten av landskapet.

Dei siste åra har kraftig urbanisering ført til at mange av dei grøne områda er erstatta av bustad- og kommersielle bygg.

Mansourieh ligg langs hovudvegen frå Beirut til Sin el-Fil og Mkalles.

Remove ads

Demografi

I 2009 hadde Mansourieh kring 17 000 innbyggjarar.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads