Marc Chagall
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Marc Chagall (7. juli 1887–28. mars 1985), opphavleg Mojsje Zaharovitsj Sjagalov, var ein belarusisk-jødisk ekspresjonistisk målar. Han er særleg kjend for sine mange bilete med motiv frå barndomslandskapet i Belarus, og frå Bibelen, gjerne i reine, skarpe fargar.
Remove ads
Liv og virke

Chagall var fødd i Vitebsk i dagens Belarus som den eldste av ni sysken, far hans var fiskehandlar. Ein lukkeleg barndom i fattige kår påverka han i hans arbeid livet ut. I 1906 byrja han studere under målaren Jehuda Pen. Året etter flytta han til St. Petersburg der han studerte på det keisarlege kunstakademiet under Nicholas Roerich. Chagall budde i St. Petersburg til 1910.
Etter å ha fått eit namn som målar, flytta Chagall til Paris for å ha kontakt med kunstnarmiljøa i bydelen Montparnasse. I 1914 vende han tilbake til Vitebsk, der han gifta seg med Bella Rosenfeld som han trefte i 1909. Chagall tok på sitt vis del i den russiske revolusjonen, og det sovjetiske kulturministeriet utpeika han til kommissær for biletkunst i Vitebsk-distriktet. I den tida han var kulturkommissær grunnla han ein kunstskule. Men Chagall kom på kant med aktivistiske, politiske krinsar, og med familien flytta han til Moskva i 1920 og vidare til Paris i 1923.
I 1937 hamna konfiskerte verk av Chagall på den utstillinga Nazi-Tyskland viste i München av såkalla Entartete Kunst. Då Tyskland okkuperte Frankrike under den andre verdskrigen, flykta Chagall frå Paris. Familien gjekk i dekning i Villa Air-Bel i Marseille og fekk hjelp til å flykte gjennom Spania og Portugal av den USA-amerikanske journalisten Varian Fry.
Frå 1941 til 1946 budde Chagall i USA. Han vende deretter tilbake til Europa og slo seg etter kvart ned i landskapet Provence i Frankrike. I denne perioden oppdaga han atter den vitale energien i fargar. Arbeida hans frå denne perioden var inspirert av kjærleik og livsglede med kurva former og figurar. Han byrja også å arbeide med skulpturar, keramikk og farga glas.
Han døydde i Saint-Paul-de-Vence i Provence.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Marc Chagall» frå Wikipedia på svensk, den 27. august 2013.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads