Margitta Pufe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Margitta Pufe, fødd Ludewig, (fødd 10. september 1952) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Gera. Ho var frå 1975 til 1980 ein av verdas beste i kulestøyt og diskoskast på kvinnesida. Pufe representerte Aust-Tyskland.
Etter sjetteplass i kulestøyt ved Sommar-OL 1976 i Montreal, sikra ho seg under EM i friidrett 1978 i Praha sølvmedaljen i diskos-tevlinga og bronsen i kulestøyt. Ved dei olympiske sommarleikane i Moskva i 1980 vann ho bronsemedaljen i kule-tevlinga, ei veke seinare enda ho på femteplass i diskoskastinga.
Pufe presterte som best 21,58 meter i kulestøyt i Erfurt i 1978, og 68,64 m i diskoskast i Berlin i 1979.
Remove ads
Kjelder
- Margitta DROESE-PUFE | Profile | World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Margitta Pufe» frå Wikipedia på tysk, den 26. august 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads