Friidrett under Sommar-OL 1976
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Friidrettsøvingane under Sommar-OL 1976 i Montreal vart avvikla i tida 23. til 31. juli 1976. Det vart tevla i 37 øvingar, 23 for menn og 14 for kvinner. Ei øving, 50 kilometer kappgang, var fjerna frå OL-programmet, noko som gjorde at det internasjonale friidrettsforbundet litt seinare vedtok å ta til med verdsmeisterskap i friidrett.


1006 utøvarar frå 80 land deltok i tevlingane. Tevlingane fann stad på og ved det nybygde Olympiastadion, eit anlegg som den gongen tok mot 72 000 tilskodarar.
Heile ni nye verdsrekordar såg dagens lys på OL-arenaen, fordelt på utøvarar frå åtte ulike land. Fire av rekordane vart sett 25. juli. Det starta då med at vesttyske Annegret Richter sprang inn til 11,01 sekundar i ein semifinale på 100 meter, seinare på dagen vann ho distansen med 11,08. Utover dagen flytta Miklós Németh frå Ungarn spydrekorden for menn til 94,58 m og cubanaren Alberto Juantorena kom i mål på tida 1.43,50 på 800 meter. Edwin Moses frå USA avslutta rekordrusjet for dagen då han var fullstendig overlegen på 400 meter hekk og vart klokka inn på 47,63 sekundar. Dagen etter vart det ny 800-meterrekord også for kvinnene då Tatjana Kazankina, som representerte Sovjetunionen, vann med 1.54,94. Deretter vann svenske Anders Gärderud 3000 meter hinder på 8.08,0 den 28. juli, polske Irena Szewińska 400 meter på 49,29 sekundar den 29. og Bruce Jenner frå USA tikampen med 8618 poeng den 30. På avslutningsdagen 31. juli susa Aust-Tyskland sitt lag på 4 x 400 meter stafett inn til suveren siger på rekordtida 3.19,2, laget bestod av Doris Maletzki, Brigitte Rohde, Ellen Streidt og Christina Brehmer.
Knut Hjeltnes stod for den beste norske prestasjonen med sin sjuandeplass i diskoskast.
Remove ads
Menn
100 meter
Finale 24. juli
200 m
Finale 26. juli
400 m
Finale 29. juli
800 m
Finale 25. juli
1500 m
Finale 31. juli
5 000 m
Finale 30. juli.
Foster sette olympisk rekord i forsøksløpet med 13.20,34.
10 000 m
Finale 26. juli
Maraton
31. juli
110 meter hekk
Finale 28. juli
400 m hekk
Finale 25. juli
3000 m hinder
Finale 28. juli
4 × 100 meter stafett
31. juli
4 × 400 m stafett
31. juli
20 km kappgang
23. juli
Høgdehopp
Finale 31. juli
Stavhopp
26. juli
Lengdehopp
Finale 29. juli
Tresteghopp
Finale 30. juli
Kulestøyt
Finale 24. juli
Diskoskast
Finale 25. juli
Sleggjekast
Finale 28. juli
Spydkast
Finale 25. juli
Tikamp
29./30. juli
Remove ads
Kvinner
100 meter
Finale 25. juli. Annegret Richter sette verdsrekord med 11,01 sekund i semifinalen.
200 m
Finale 28. juli
400 m
Finale 29. juli
800 m
Finale 26. juli
1500 m
Finale 30. juli
100 meter hekk
Finale 29. juli
4 × 100 meter stafett
Finale 31. juli
4 × 400 m stafett
Finale 31. juli
Høgdehopp
28. juli
Lengdehopp
Finale 23. juli
Kulestøyt
Finale 31. juli
Diskoskast
Finale 29. juli
Spydkast
24. juli
Femkamp
25./26. juli
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Olympische Sommerspiele 1976/Leichtathletik» frå Wikipedia på tysk, den 7. august 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads