Mari Eide
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mari Eide (fødd 18. november 1989) er ein norsk langrennar frå Øystre Slidre, medlem i Øystre Slidre Idrettslag. Ho vann bronsemedaljen i sprinttevlinga under Ski-VM 2019 i Seefeld in Tirol.
Eide deltok i verdscupen i langrenn frå mars 2010. Ho spesialiserte seg i sprintøvingane, men sleit i årevis med å kome seg til finale i verdscupen. Bortsett frå ein siger i parstafett 4. desember 2011 i Düsseldorf, saman med Maiken Caspersen Falla, måtte ho sjå langt etter pallplasseringar. Vinteren 2016 vann Eide sølv på 10 km ved noregsmeisterskapen i Tromsø, eit lite minutt bak den suverene vinnaren Astrid Jacobsen. Eide har delteke i ei tevling i dei store internasjonale meisterskapane. Under verdsmeisterskapen 2019 i Seefeld i Austerrike tok ho seg til finalen i sprintøvinga, der ho mykje overraskande kneip bronsemedaljen. Landskvinna Falla vann øvinga, framom Stina Nilsson frå Sverige.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mari Eide» frå Wikipedia på tysk, den 29. mars 2019.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads