Marit Eikemo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Marit Eikemo (fødd 6. april 1971 i Odda) er ein norsk forfattar og kulturarbeidar.
Ho er utdanna cand.mag. og har jobba som journalist i Bergens Tidende, redaktør av Syn og Segn saman med Hilde Sandvik (2002–2006), og som informasjonssjef for Festspela i Bergen (2006–2009). Sidan 2009 har ho vore leiar for festivalen Litteratursymposiet i Odda.[1] Ho er busett i Bergen.
Den fyrste boka Eikemo gav ut – Her, no. Møte med unge menneske (1999) – var ei reportasjebok der Eirik Brekke og Oddleiv Apneseth stod for fotografia. Vidare kom romanen Mellom oss sagt (2006), som handlar om kravet samtida har om sjølvrealisering og det å høyre til i ein fellesskap, og kva for konsekvensar dette kan få. Samtidsruinar (2008) er ei essaysamling der ho tek utgangspunkt i moderne, men forfalne bygg og anlegg, og brukar desse til å reflektere over korleis det står til med det moderne Noreg. Boka vart kåra til Årets nynorskbok 2008 av Dag og Tid-lesarane.[2] Romanen Arbeid pågår frå 2009 handlar om ein norsk Ibsen-forskar som i ein periode søkjer arbeidsro i Costa Blanca i Spania. Halvt motvillig vert han dregen inn i det norske miljøet der, og ho lèt igjen lesarane kjenne på ynsket om å høyre til ein fellesskap.
Remove ads
Bibliografi
- 1999 – Her, no. Møte med unge menneske – reportasjebok
- 2006 – Mellom oss sagt – roman
- 2008 – Samtidsruinar – essaysamling
- 2009 – Arbeid pågår – roman
- 2011 – Samtale ventar – roman
Prisar
- Årets nynorskbok 2008, for Samtidsruinar[2]
- Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend 2008[3]
- Mållagsprisen til Odda Mållag[3]
- Nynorsk litteraturpris 2011 for Samtale ventar[4]
- Amalie Skram-prisen 2017[5]
- Samlagsprisen 2019[6]
Kjelder
- «Marit Eikemo» på Wikipedia på bokmål, innhenta 4. januar 2010.
- «Marit Eikemo» i Allkunne, innhenta 6. juli 2010.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads