Markéta Jeřábková

From Wikipedia, the free encyclopedia

Markéta Jeřábková
Remove ads

Markéta Jeřábková (fødd 8. februar 1996) er ein tsjekkisk handballspelar frå Plzeň som sidan 2023 spelar for danske Ikast Håndbold. Ho er venstre rykkromspelar.

Kjappe fakta

Karriere

Klubbspel

Jeřábková var frå 2014 aktiv i DHK Baník Most. Årleg fram 2018 var ho med på å vinne den nasjonale seriemeisterskapen. Deretter spelte ho i to sesongar for det ungarske fyrstedivisjonslaget Érd NK. Sommaren 2020 flytta ho til den tyske Bundesliga-klubben Thüringer HC. Med 250 mål vart ho toppskårar i ligaen sesongen 2020/21.

Frå 2021 til 2023 hadde Jeřábková kontrakt med det norske topplaget Vipers. I sin fyrste sesong med laget frå Kristiansand vann ho noregsmeisterskapen, eliteserien og EHF-meisterligaen. Under Final Four i meisterligaen skåra ho 19 mål og vart kåra til beste spelar. Også i sesongen 2022/23 vann Vipers dei same tre turneringane. Sidan 2023 er ho Ikast-spelar i Danmark.

Landslagsspel

Jeřábková fekk sin landslagdebut for Tsjekia 11. september 2014. Ho deltok i verdsmeisterskapen 2015, europameisterskapen 2016, VM 2017, EM 2018 og VM 2019 og VM 2023. Per 1.1.2025 stod ho med 107 landskampar og 531 landslagsmål.

Merittar

  • Vinnar av meisterligaen: 2022 og 2023 for Vipers
  • Tsjekkisk meister: 2015, 2016, 207 og 2018 for Banik Most
  • Noregsmeister: 2022 og 2023 for Vipers
  • Norsk seriemeister: 2022 og 2023 for Vipers
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads