Marquee Club

From Wikipedia, the free encyclopedia

Marquee Club
Remove ads

Marquee Club var ein musikklubb i London i England.

Kjappe fakta Opna, Marquee Club 51.513444444444°N 0.13380555555556°W / ...

Då han opna i 1958 på 165 Oxford Street var det primært jazz som vart spelt der. The Rolling Stones heldt sin aller første konsert der 12. juli 1962.[1][2]

Remove ads

1960-talet

I 1964 flytta Marquee til den mest kjende plassen, 90 Wardour Street, der dei aller fleste større rockebanda i England spelte dei neste 25 åra. Band som The Moody Blues, The Who, Yes, David Bowie, Jethro Tull, Jimi Hendrix og Pink Floyd spelte der på 1960-talet.

1970-talet

The Rolling Stones gjorde eit nytt show der 26. mars 1971 etter 8 år, for å filme ein TV-spesial. Sjølv om det aldri var ein punk-klubb så opptredde fleire punkband der på slutten av 1970-talet og byrjinga av 80-talet; Sex Pistols, The Boys, Eddie and the Hot Rods, The Stranglers, Generation X, London, The Police, The Sinceros, Buzzcocks, The Jam, Joy Division og The Cure var alle og opptredde på scena på Marquee.

Thumb
Paul O Turin på Marquee Club.
Thumb
Rilo Kiley på Marquee i 2004.
Remove ads

1980-talet

På 1980-talet var Marquee ein viktig arena for New Wave of British Heavy Metal (NWOBHM). NWOBHM-band som Angelwitch, Diamond Head, Witchfynde and Praying Mantis var faste der, og Iron Maiden vart filma der for dokumentaren «20th Century Box». Dei spelte òg inn konsertalbumet Live!! +one der i 1980.

Marquee var òg ein viktig arena for progressiv rock på tidleg 80-talet. Det var her eit usignert Marillion byrja å byggje seg opp sin fanbase med utselde konsertar. Andre progrock-band som Pendragon, Solstice, Twelfth Night, IQ, Haze, Cardiacs og Liaison spelte òg på klubben.

Hemmelege konsertar

Den historiske klubben har ofte gjort at større artistar har hatt hemmelege konsertar der, gjerne under falske namn. Artistar som Marillion (under namnet Skyline Drifters og Lufthanser Air Terminal), Prince, Genesis, Iron Maiden, Metallica og Mötley Crüe har alle hatt slike konsertar.

Thumb
Ballboy på Marquee

Nyare utvikling

I 1988 vart lokala selte og klubben flytta til større lokale på 105 Charing Cross Road. Det amerikanske progressiv metal-bandet Dream Theater spelte inn sitt første konsertalbum, Live at the Marquee, på denne staden. Lokala vart selde og klubben stengd i 1996.

I 2002 vart klubben igjen opna, denne gongen i Islington, men vart stengd igjen alt i 2003. Namnet vart igjen brukt på ein ny klubb på 1 Leicester Square midt i turistdistriktet i London i 2004,[3] men klubben vart stengd etter mindre enn 18 månader. I 2007 vart det gjort nok eit forsøk på å opne Marquee CLub, denne gongen Upper Saint Martins Lane i Covent Garden.[4] Han stengde igjen 12. februar 2008.[5]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads