Martin Koch

From Wikipedia, the free encyclopedia

Martin Koch
Remove ads

Martin Koch (fødd 22. januar 1982) er ein austerriksk skihoppar frå Villach. Frå 2006 til og med 2012 har han vunne sju gullmedaljar i laghopping for Austerrike i olympiske tevlingar og ymse verdsmeisterskap. Individuelt har han ein sølvmedalje frå VM i skiflyging 2008 og ein bronsemedalje frå VM i skiflyging 2012. Han er kjend som ein krafthoppar som gjer det særleg godt i dei store hoppbakkane. Faren Fritz Koch deltok i si tid internasjonalt for Austerrike i både kombinert-renn og i skihopping.

Kjappe fakta
Thumb
Martin Koch i Holmenkollen i 2010.
Remove ads

Karriere

Koch slo gjennom i internasjonal hoppsport i 2002-sesongen, der han vart nummer åtte i storbakken under vinter-OL i Salt Lake City og fekk same plassering i verdscupen samanlagt. Dei neste tre sesongane klarte han ikkje å fylgje opp, fyrst i OL-sesongen 2006 kunne han atter måle seg mot dei beste skihopparane i verda. I januar månad vart han nummer fire i VM i skiflyging i Bad Mitterndorf. Månaden etter var han med på å vinne gull i laghopp under OL 2006 i Torino, dei andre på laget var Andreas Widhölzl, Andreas Kofler og Thomas Morgenstern.

Koch vann sølvmedaljen i den individuelle konkurransen under skiflygings-VM i Oberstdorf i 2008, vel ti poeng bakom landsmannen Gregor Schlierenzauer. I lagtevlinga syrgde dei same to austerrikarane for gullmedalje til Austerrike, saman med Andreas Kofler og Thomas Morgenstern. Austerrike med Koch på laget forsvara VM-tittelen i skiflyging for lag både i 2010 og 2012. I 2012-meisterskapen tok han elles bronsemedaljen i den individuelle tevlinga, berre overgått av verdsmeisteren Robert Kranjec frå Slovenia og Rune Velta frå Noreg.

Koch var også med på dei austerrikske firemannslaga som vann gullmedalje i lagtevlinga under ski-VM 2009 i Liberec, i tillegg til begge gullmedaljane då det under ski-VM 2011 i Oslo vart arrangert lagkonkurransar både i normalbakken og storbakken.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads