Andreas Kofler
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Andreas Kofler (fødd 17. mai 1984) er ein austerriksk skihoppar frå Innsbruck, oppvaksen i Stubaital i Tirol. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 2009/10, og fekk sølvmedalje både i storbakkerennet under Vinter-OL 2006 i Torino og i rennet i normalbakken i Ski-VM 2011 i Oslo. Kofler har dessutan vore med å vinne to OL-gull i laghopp (2006 og 2010), tre gullmedaljar i laghopp under ski-VM (2007 og 2011) og to gull i skiflygings-VM (2008 og 2012) for Austerrike. I 2012 vart han nummer tre i verdscupen i skihopping.
Remove ads
Aktiv
Kofler gjekk til topps i sit fyrste verdscuprenn i byrjinga av februar 2006, kort føre OL i Torino. I olympiaden hoppa han til 276,8 poeng i normalbakken, og hamna dermed 0,1 poeng bak gullvinnaren, landsmannen Thomas Morgenstern. Dei to var i eiga klasse i rennet. Seinare var dei begge med på Austerrike sitt firemannslag som vart olympiske meistrar i laghopp, eit renn som vart avvikla i storbakken.
Kofler var også med på det austerrikske laget som vann gull i laghopp i Ski-VM 2007 i Sapporo. Dei andre på laget var Wolfgang Loitzl, Gregor Schlierenzauer og Thomas Morgenstern. Også i 2008-sesongen kunne Kofler notere seg for eit VM-gull, då i laghopp under VM i skiflyging.
I den tysk-austerrikske hoppveka i 2009/10 gjekk Kofler heilt topps. Han vann på ny OL-gull i laghopp for Austerrike under vinter-OL 2010 i Vancouver. Mot slutten av OL-sesongen, 14. mars 2010, sette han ny offisiell bakkerekord med 139,5 meter i den nye Holmenkollbakken. Denne bakkerekorden forbetra han sjølv til 141 meter under Ski-VM 2011 den 5. mars 2011, då Austerrike enno ein gong vart verdsmeistrar i laghopp. I den same meisterskapen fekk Kofler sølv i normalbakkerennet i Midtstubakken i Oslo, atter ein gong bakom landsmannen Morgenstern.
Den 4. januar 2012 tok Kofler sin tiande og hittil siste individuelle siger i eit verdscuprenn. Det hende då han vann rennet i Bergisel-bakken i Innsbruck, hans heimebakke som hoppar. I alt har han tretti (10-9-11) pallplasseringar i verdscupen (2012). Kofler vann i 2012 sin sjuande VM- eller OL-tittel med austerrikske hopplag då Austerrike sigra i lagtevlinga i VM i skiflyging 2012 i Vikersund.
Verdscupsigrar
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Andreas Kofler» frå Wikipedia på tysk, den 5. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
- (en) Andreas Kofler – Profil og resultatoversikt hos FIS
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads