Maryam Yusuf Jamal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Maryam Yusuf Jamal, opphavleg Zenebecha Tola, (fødd 16. september 1984) er ein etiopisk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Bahrain. Ho vart verdsmeister på 1500 meter i 2007 og 2009, i 2012 vann ho bronsemedaljen på distansen i Sommar-OL.
Remove ads
Aktiv
Tola/Jamal er ein av fleire, opphavleg afrikanske løparar, som sidan 2002 har hatt suksess under framandt flagg. Ho flykta frå Etiopia i 2004 til Sveits, og fekk året etter statsborgarskap i Bahrain. Same året, den 14. juni 2005 i Rieti, sette ho personleg rekord på 1500 meter med tida 3.56,7. Under i Friidretts-VM i Helsinki kom ho på femteplass.
I verdsmeisterskapen 2007 i Osaka vann Jamal gullmedaljen på 1500 m etter å ha slått russiske Jelena Soboleva i spurten, ein utøvar som året etter vart stroken frå sølvplassen. Jamal vart sabotert under OL-finalen i Beijing og enda som nummer fem. I 2009 forsvarte ho topplassen på 1500 meter ved Berlin-VM m og tok ein ny gullmedalje. Sidan la ho beslag på bronsemedaljen då dei olympiske leikane fann stad i London sommaren 2012.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Maryam Yusuf Jamal» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2022.
- «Maryam Jamal» (på engelsk). Olympedia. Henta 17. mars 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads