Matorraltapakulo

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Matorraltapakulo
Remove ads

Matorraltapakulo (Scytalopus griseicollis) er ein fugl i tapakulofamilien. Han er endemisk for Colombia med kjent utbreiing avgrensa til eit lite område ved Bogota og nordaust for byen.[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Dette er ein nokså liten tapakulo som varierer mellom ca. 10 og 11,5 centimeter i kroppslengd, med kroppsvekt på ca. 16 til 19 gram. Matorraltapakuloar skil seg lite frå andre artar i slekta Scytalopus. Kroppsforma er typisk for familen; rund kropp med kraftige bein langt bak på kroppen og ein spinkel oppeikande stjert. Fjørdrakta til vaksne fuglar er grå på oversida, undersida er lysare grå, vengene gråbrune og halen heilt brun. Bakkroppen er orangefarga og utan striper. Det finst to variantar av matorraltapakulo, ei mørk form er litt større enn andre fuglar. Matorraltapakuloar lever i våt til halvtørr krattskog, frå 2000 til 3900 moh.[2]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som livskraftig.[1]

Taksonomi

Som fleire andre takson i Scytalopus, er Scytalopus griseicollis i endring. Den mørke forma som tidlegare var anerkjent som underarten S. g. infasciatus, er etter Clementslista 2015 ein del av nominatforma, samstundes som ein annan underart vart definert.[3][note 1]

Remove ads

Om tapakuloar generelt

Tapakuloar lever i tett vegetasjon på eller nær bakkenivå og finst hovudsakleg i fjellområda i utbreiingsområdet sitt. Dei kan vere særs krevjande å observere ettersom dei spring i underskogen på ein musaktig måte. Artane er terrestriske, har korte venger og fuglane har derfor dårlege flygeevner. Dei har kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist. Dei vert enklast oppdaga og identifisert med hjelp av kjenneteikn i songen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads