Port Louis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Port Louis
Remove ads

Port Louis er hovudstaden på Mauritius og landet sin største by. Byen er oppkalla etter kong Louis XV. Port Louis er også namnet på distriktet byen ligg i, eitt av dei ni distrikta Mauritius er inndelt i.

Kjappe fakta Land, Høgd ...

Port Louis var i bruk som hamn allereie i 1638. I 1735, under fransk regjering, vart Port Louis administrativt senter for Mauritius og ein viktig forsyningsstopp for franske skip som skulle rundt Kapp det gode håp.

I byen i dag kan ein sjå m.a. ei festning bygd av britane i 1835, basargater, handleområdet Caudan Waterfront, Universitetet i Mauritius, sentralbank, Chinatown, naturhistorisk museum, og romersk-katolsk og anglikansk katedral. I Port Louis ligg også minnesmerket Aapravasi Ghat, til minne om dei mange indiske arbeidarane som vart henta inn til Mauritius for å arbeida på sukkerplantasjane i landet. Aapravasi Ghat er på UNESCO si verdsarvliste.

Thumb
Utsikt over Port Louis.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads