Meghan, hertuginne av Sussex
From Wikipedia, the free encyclopedia
Meghan, hertuginne av Sussex (fødd 4. august 1981 som Rachel Meghan Markle) er ein amerikansk tidlegare skodespelar som er medlem av den britiske kongefamilien igjennom ekteskapet sitt med prins Harry.[1]
Meghan, hertuginne av Sussex | |||
![]() | |||
Fødd | 4. august 1981 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles, Canoga Park | ||
Gift med | Trevor Engelson, Prins Harry, hertug av Sussex | ||
Dynasti | Fyrstehuset Windsor | ||
Far | Thomas Markle | ||
Mor | Doria Ragland | ||
Born | Archie Harrison Mountbatten-Windsor, Lilibet Mountbatten-Windsor |

Foto: Mark Jones
Bakgrunn
Meghan Markle vart fødd og oppvaksen i Los Angeles i California. Ho har ein bachelorgrad innan teater og internasjonale studiar frå Northwestern University i 2003, medan ho arbeidde som skodespelar. Frå 2011 til 2017 spela ho rolla som Rachel Zane i advokatserien Suits. Ho har òg hatt biroller i filmane Remember Me og Horrible Bosses.
Meghan vart forlova med prins Harry i 2017, av den grunn avslutta ho skodespelarkarrieren sin.[2] Då dei gifta seg den 19. mai 2018, fekk ho tittelen hertuginne av Sussex.[3]
Magasinet Time har utpeika henne i 2018 og 2021 til ein av dei 100 mest innverknadsriket personane i verda.[4][5]
Bryllaup
Trulovinga mellom Meghan Markle og prins Harry vart kunngjord den 27. november 2017.[6] Deretter byrja Markle den årelange prosessen med å verta britisk statsborgar.[7] Den fyrste offentlege framferda hennar med prinsen etter trulovinga fann stad i Nottingham den 1. desember 2017.[8][9] Ho vart døypt og konfirmert i Den engelske kyrkja den 6. mars 2018.[10] Den private seremonien vart halden i Chapel Royal i St. James's Palace, og erkebiskopen av Canterbury Justin Welby brukte vigslevatn frå Jordanelva til å døypa Markle inn i Den engelske kyrkja.[10]
Bryllaupet fann stad den 19. mai 2018 i St. George's Chapel i Windsor Castle.[11][12][13]
Paret fekk ein son, Archie Mountbatten-Windsor, 6. mai 2019,[14] og ei dotter, Lilibet Mountbatten-Windsor, 4. juni 2021.[15]
Kongelege vitjingar
I juli 2018 utførte Meghan sin fyrst offisielle utanlandstur som kongeleg då ho og Harry vitja Dublin i Irland.[16][17] I oktober 2018 drog paret til Sydney i Australia for å vera til stades ved Invictus Games 2018.[18] Dette var del av ei reise til stillehavsland som omfattar Australia, Fiji, Tonga og New Zealand.[19][20]
I september og oktober 2019 vitja paret dei sørafrikanske landa Malawi, Angola, Sør-Afrika og Botswana. Sonen Archie reiste i lag med foreldra, slik at dette vart «den fyrste offisielle reisa som ein familie».[21] Meghan gjennomførte om lag 179 oppdrag i 2018 og 2019.[22]
I januar 2020 vende Meghan og Harry tilbake til Storbritannia frå ein ferie i Canada og kunngjorde at dei ville tre tilbake frå rolla som seniormedlemmar av kongefamilien, og ville bu dels i Storbritannia og dels i Nord-Amerika.[23][24]
Seinare verksemd
I desember 2020 skreiv Meghan og Harry ein kontrakt over fleire år med Spotify om å produsera og leia sine eigne program gjennom føretaket sitt, Archewell Audio.[25] Dei laga ein juleepisode saman i desember 2020,[26] medan Meghan sitt podkast, Archetypes, hadde premiere i august 2022.[27][28]
I juni 2021 gav Meghan ut biletboka The Bench på Random House Children's Books, basert på tilhøvet mellom ektemannen hennar og sonen deira.[29]
Dokuserien Harry & Meghan vart produsert av Netflix og Archewell Productions og hadde premiere 8. desember 2022. Han var regissert av Liz Garbus, og tok for seg livet til paret.[30]
Skodespelar
Filmografi
- 2016 – Dater’s Handbook
- 2015 – Anti-Social
- 2014 – When Sparks Fly
- 2013 – Random Encounters
- 2013 – Suits Webisodes
- 2012 – Castle
- 2012 – Dysfunctional Friends
- 2011 – Suits
- 2011 – Horrible Bosses
- 2011 – The Boys and Girls Guide to Getting Down
- 2010 – The Candidate
- 2010 – Get Him to the Greek
- 2010 – CSI: Miami
- 2010 – Remember Me
- 2009 – The League
- 2009 – Fringe
- 2009 – Sporløst forsvunnet
- 2009 – Knight Rider
- 2008 – The Apostles
- 2008 – Til Death
- 2008 – 90210
- 2008 – Good Behavior
- 2006 – CSI: NY
- 2006 – Deceit
- 2006 – The War at Home
- 2005 – Love, Inc.
- 2005 – A Lot Like Love
- 2005 – Cuts
- 2004 – Century City
- 2002 – General Hospital
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.