Megiddo regionale kommune
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Megiddo regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית מגידו, Mo'atza Azorit Megido) er ein regional kommune nord i Israel og dekkjer Menasheplatået, og delvis i Jezreeldalen. Kommunen grensar til byen Yokneam Illit i nord, og Karmelberget i aust, og husar kring 9600 innbyggjarar fordelt på ni kibbutzim og fire moshavim.
Kommunen er kalla opp etter den antikke byen Megiddo og ruinane av denne byen ligg i nærleiken av kibbutz Megiddo.
Remove ads
Historie
Megiddo regionale kommune er ein av dei eldste regionale kommunane i Israel, og vart oppretta i 1945, tre år før sjølvstendet til Israel. Før 1945 var området ein del av Gush Nahalal, ein kommune i Det britiske mandatet.
Då han vart grunnlagd hadde kommunen berre 3 000 innbyggjarar frå fem innbyggjarar. Han heitte opphavleg «Harei Efrayim» (no. Efrayimåsane), og endra namn til «Megiddo» i 1952, sjølv om dette først vart offisielt godkjend i 1954.
Den eldste busetnaden i kommunen er kibbutz Mishmar HaEmek, som vart grunnlagd i 1926, medan den yngste er moshav Midrakh Oz, som vart grunnlagd i 1952.
Remove ads
Ramot Menashe biosfærereservat
84 million kvadratmeter av dei 170 million kvadratmetrane i Megiddo regionale kommune er eit naturreservat, med skogsområde, forskjellige vasskjelder, vulkanske åsar og arkeologiske stader. Parken er i dag i ferd med å få status hos UNESCO som biosfærereservat.
Busetnader
Kibbutzar
Andre landsbyar
- Ein HaEmek (fellesbusetnad)
- Eliakim (fellesbusetnad)
- Midrakh Oz (moshav)
- Yokneam Moshava (moshava)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads