Ein HaShofet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein HaShofet (עֵין הַשּׁוֹפֵט, tyder. Domarkjelda) er ein kibbutz nord i Israel i Efraimfjellet. Han ligg i Ramat Menashe-området kring 30 km frå byen Haifa, nær Yokneam, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2008 hadde han eit folketal på 759.
Remove ads
Namn
Ein HaShofet tyder omtrent «Domarkjeldane», og er kalla opp etter den amerikanske høgsterettsdomaren Louis D. Brandeis (1856-1941), den første jøden som hadde denne stillinga, og som vart vald ut for den leiande rolla si i den amerikanske sionistrørsla. Det renn ei kjelde nær kibbutzen.
Historie

Ein HaShofet vart grunnlagd 5. juli 1937 og nybyggjarane budde i den nærliggande åsen Ja'ara i eitt år før dei flytta til den noverande plasseringa til kibbutzen. Før grunnlegginga i Juara, budde nybyggjarane fem år i Hadera, der gruppa fekk med seg to grupper frå Hashomer Hatzair, ei frå Polen (inkludert Aharon Efrat, seinare medlem av Knesset) og ei frå Nord-Amerika, den første Hashomer Hatzair-gruppa Nord-Amerika. Kibbutzen vart opphavleg grunnlagd som ei tårn- og palisadebusetjing.
Området vart nytta av arabiske «gjengar» og nybyggjarane måtte forsvare seg sjølv mot nattlege åtak. Dette var midt i arabaropprøret i Palestina 1936-1939, som jødane på den tida kalla «forstyrringar».[1]
Frå 1938 og frametter vart staden på åstoppen og steinhuset Juara nytta av Haganah, den største jødiske undergrunnsmilitsen, og seinare av det israelske forsvaret, og er i dag eit Haganahnuseum.[2][3]
Trass i vassmangel og vanskelege tilhøve, hadde staden ti år seinare 450 innbyggjarar.[1]
Under den israelske sjølvstendekrigen hjelpte nybyggjarane å slå styrkane til Kaukji etter åtaket deira i april 1948 på Mishmar HaEmek.[1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads