Mishmar HaEmek

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mishmar HaEmek
Remove ads

Mishmar HaEmek (מִשְׁמַר הָעֵמֶק, tyder Dalvoktaren) [2] er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Jezreeldalen, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 964.

Kjappe fakta Land, Region ...
Remove ads

Historie

Thumb
Mishmar HaEmek, 1933

Hausten 1942, då det var frykt om ein tysk siger i Midtausten, vart Mishmar HaEmek nytta som ein treningsleir av den britiske hæren. 160 jødiske frivillige, som seinare vart medlemmar av Palmach-greina av Haganah, fekk opplæring av det britiske ingeniørkkorpset innan sabotasje og trådlause operasjonar. Fleire tonn eksplosivar vart gøymde i kassar i området i tilfelle ein tysk okkupasjonen. Då opplæringa var over måtte alt utstyret og eksplosivane gjevast attende britane.[3]

I 1947 hadde Mishmar HaEmek 550 innbyggjarar.[2] Jewish National Fund og Worton Hall Studios lagde ein film i 1947 kalla The Great Promise (Dim'at Ha'Nehamah Ha'Gedolah), og fleire scenar vart filma her.[2][4]

Den 4. april 1948 vart kibbutzen angripen av den arabiske frigjeringshæren.[5] Åtaket byrja med artilleribombardement frå sju artillerivåpen, som den syriske hæren hadde gjeve.[6] Under motåtaket øydela Haganah åtte kringliggande, arabiske landsbyar.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads