Meißen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Meißen eller Meissen[a] er ein by med om lag 30 000 innbyggjarar, 25 km nordvest for Dresden på begge sider av elva Elbe i Sachsen, aust i Tyskland. Meissen er heimstad for Meissenporselen, Albrechtsburg, den gotiske Meissen domkyrkje og Meissen Frauenkirche. Große Kreisstadt er hovudstad i Meißen landkreis.
Remove ads
Historie
Meissen vert stundom kalla «vogga til Sachsen». Byen voks opp frå den tidleg slavisk busetnaden Misni, og vart grunnlagd som ein tysk by av kong Henrik fuglefangar i 929. I 968 vart bispedømet Meissen grunnlagd, og Meissen vart eit bispesete for ein biskop. Det katolske bispedømet vart undertrykt i 1581 etter at bispedømet aksepterte protestantismen under reformasjonen (1559), men vart gjenopppretta i 1921 med sete først i Bautzen og i dag i Katholische Hofkirche i Dresden.
Markgrevskapet Meissen vart òg grunnlagd i 968 med byen som hovudstad for markgreven. Han vart ein kjøpstad i 1000 og vart ein del av kongedømet Polen i 1018 under Boleslaw I den modige. Alt i 1032 gjekk han tilbake til keisar Konrad II og i 1089 til Huset Wettin. Byen var i frontlinja for Ostsiedlung, den tyske koloniseringa av dei slaviske landområda aust for Elbe. I 1332 fekk han tyske byrettar.
Bygginga av domkyrkja i Meissen tok til i 1260 på same åsen som Albrechtsburg ligg. Plassmangel førte til at domkyrkja vart ei av dei minste i Europa. Kyrkja er i dag kjend som eit av dei beste døma på gotisk arkitektur.
Under den andre verdkrigen låg ei avdeling av Flossenbürg konsentrasjonsleir ved Meissen.[1]
Remove ads
Galleri
- Albrechtsburg og domkyrkja.
- Porselensbjellene i Frauenkirche.Foto: Adam Kumiszcza
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads