Melanie Chisholm
britisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Melanie Jayne Chisholm (fødd 12. januar 1974), betre kjent som Melanie C eller berre Mel C, er ein engelsk songar, låtskrivar, skodespelar, dansar, forretningskvinne, TV-personlegdom og treningsmodell. Ho er ein av dei fem medlemmane i bandet Spice Girls, der ho hadde kallenamnet «Sporty Spice».
Remove ads
Med Spice Girls har Chisholm selt over 100 millionar plater i heile verda.[1] Som soloartist har ho selt over 20 millionar plater.[2][3][4] Den første songen ho gav ut var ein duett med Bryan Adams, «When You're Gone». I 1999 gav ho ut det første studioalbumet sitt, Northern Star, som har vorte selt i 4 millionar eksemplar. Chisholm har gjeve ut fem andre album og har vorte nominert til både Brit Awards og musikkprisen ECHO. Ho er i dag den kvinnelege artisten med nest flest førsteplass-singlar i Storbritannia.
Remove ads
Personleg liv
Chisholm har vore open om kampen sin med klinisk depresjon[5] og spiseforstyrringar, som ho har opplevd fleire gonger i løpet av livet sitt.[6] Den yngre halvbroren hennar, Paul O'Neill, er ein racerførar.
Chisholm var i eit forhold med eigedomsutviklaren Thomas Starr. Chisholm fødte ei dotter, Scarlett, den 22. februar 2009 på Portland Hospital i London.[7]
Chisholm er òg ein tilhengar av Liverpool FC. Ho har 12 tatoveringar.[8]
Remove ads
Diskografi
- Northern Star (1999)
- Reason (2003)
- Beautiful Intentions (2005)
- This Time (2007)
- The Sea (2011)
- Stages (2012)
- Version of Me (2016)
- Melanie C (2020)
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads