Melissa

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Melissa
Remove ads

Melissa er eit kvinnenamn av gresk opphav. Melissa har namnedag den 13. juli.

Thumb
Honningbie på ein blome.

Det greske ordet Mέλισσα tyder 'honningbie'. I gresk mytologi var Melissa ei nymfe som tok seg av guden Zevs som liten. Ho blei seinare forvandla til ei honningbie. Melissa er også namnet på ei fe i diktet «Orlando Furioso» av Ludovico Ariosto frå 1516.

Melissa blei teke i bruk som engelsk førenamn på 1700-talet. Bruken tok til å veksa i USA på 1940-talet, og blei særs populært der frå midten av 1960-talet til midten av 1980-talet.

Remove ads

Namneberarar

  • Melissa Etheridge (f. 1961), amerikansk songar
  • Melissa Tkautz (f. 1974), australsk artist
  • Melissa Wiik (f. 1985), norsk fotballspelar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads