Melodi Grand Prix 1976
16. utgåve av NRKs songtevling From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Melodi Grand Prix 1976 var den 16. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Vinnarlåten blei «Mata Hari», komponert av Frode Thingnæs med tekst av Philip A. Kruse. Vinnarlåten blei sungen av Gudny Aspaas med lite orkester og Anne-Karine Strøm med stort orkester. Strøm representerte Noreg i den internasjonale finalen i Haag, der ho framførte låten på engelsk med same tittel. Der enda songen på 18. og siste plass med 7 poeng.
Remove ads
Sendinga
For første gong sidan 1962 droppa NRK ein open konkurranse, men inviterte i staden fem heiltidsmusikarar til å sende inn bidrag til finalen laurdag 7. februar 1976. Finalen gjekk nok ein gong frå Studio 1, og Jan Voigt kom attende som programleiar.
Dei fem melodiane blei framførte to gongar, først med eit lite orkester, som dette året var rockebandet Popol Ace. Så blei melodiane presenterte om att med nye artistar, akkompagnert av eit storband under leiing av Helge Hurum. Dette var siste gong NRK brukte ordninga med stort og lite orkester.
Jahn Teigen hadde ei framståande rolle i finalen dette året. Rockegruppa hans, Popol Ace, spelte alle fem melodiane som lite orkester. I tillegg song Teigen fire gongar, og han skapte monaleg merksemd etter finalen på grunn av den berømte skjelettdrakta si.
Den komande kona hans, Anita Skorgan, debuterte også i Melodi Grand Prix-samanheng dette året. 17 år gamal song ho «Hastverk» med storbandet og enda på ein 3. plass. Vinnaren blei kåra av ti distriktsjuryar med 150 medlemmar. Kvar medlem gav eitt poeng til favorittsongen sin, og den klare vinnaren blei «Mata Hari» framført av Gudny Aspaas og Anne-Karine Strøm.
Remove ads
Resultatet
Remove ads
Avstemming
NRK hadde oppretta ti regionale juryar, kvar med 150 medlemmar. Kvar jurymedlem hadde eitt poeng å gi til favorittsongen sin. Uvisst kvifor gav Bergen-juryen berre 148 røyster. Publikum i Studio 1 var juryen i Oslo.[1]
Skjelettdrakt-sjokket
Sjølv om Anne-Karine Strøm vann, var det Jahn Teigen som stakk av garde med det meste av merksemda etter finalen. Grunnen var skjelettdrakta han hadde på seg under framføringa av «Voodoo». Valet av kostyme skapte stor furore blant tv-sjåarane og pressa, noko som overraska Teigen sjølv. Seinare har skjelettdrakta blitt eit kjent innslag i Melodi Grand Prix-historia – faktisk så kjent at hendinga blei vigd eit heilt pauseinnslag 40 år seinare, i Melodi Grand Prix 2016.[2]
For Teigen førte oppstyret til at Toralv Maurstad tilbaud han ei rolle i «Rocky Horror Show». «Jeg sluttet i Popol Ace og startet for alvor opp som soloartist. For rockens del tror jeg det også må ha hatt en betydning. Den sjokkeffekten drakta hadde, opplever du jo ikke i dag. Og norsk rock var litt snillere i tida før denne drakta.» sa Jahn Teigen sjølv til Dagbladet i 2005.[3] Drakta har seinare blitt etterlikna og kopiert fleire gongar, mellom anna av skiløparen Thomas Alsgaard, som ville hylle Teigen.[4]
Remove ads
Hendingar
Heller ikkje dette året blei vinnarlåten nokon slager. Mens VG meinte Noreg endeleg hadde vald ein vinnarlåt med reell sjanse i den internasjonale finalen, var ikkje folket særleg positive.[5] Etter finalen glødde vakttelefonen til avisa, og kommentarane var mange: «Etter denne møkka gir jeg bort fargefjernsynet mitt hvis dere kommer og henter det.» sa ein mann frå Ålesund. Ei mor fortalde: «Min 6-årige datter bad oss innstendig om å slå av lyden mens Grand Prix gikk på lufta. Hun moret seg mer over bildene.»[6] Også NRK sitt sentralbord blei ringt ned av irriterte tv-sjåarar, og Aftenposten oppsummerte finalen følgjande: «Om mulig verre enn noensinne.»[7]
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads