Memelland

From Wikipedia, the free encyclopedia

Memelland
Remove ads

Memelland (litauisk Klaipėdos kraštas, tysk Memelland eller Memelgebiet; fransk Territoire de Memel) var eit område definert av Versailles-traktaten i 1920 då det kom inn under Ambassadørrådet sin administrasjon. Memelland vart i lag med Saar og Danzig underlagt Folkeforbundet sin kontroll og folket i desse regionane kunne stemme for å bli verande ein del av Tyskland eller ikkje i ei folkeavstemming. Bortsett frå i Saar vart ikkje ei slik folkeavstemming halde.

Thumb
Historisk kart over Memelland og dei nordlege delane av Aust-Preussen.
Thumb
Det historiske flaget til Memelland frå 1919 til 1924 og de facto fram til 1939.
Thumb
Memellands frimerker frå 1920 til 1925

Det opphavlege området til skaloviarane og kurarane vart erobra rundt 1252 av Den tyske riddarordenen, som bygde Memelburg og byen Memel (i dag Klaipėda). I 1422 vart det trekt ei grense mellom Preussen og Litauen under Melnotraktaten og denne grensa eksisterte fram til 1918.

Det då dominerande etnisk tyske Memelland (andre etniske grupper var prøyssiske litauarar og memellendingar) i området mellom elva og byen med dette namnet vart okkupert av Litauen i «Klaipėdaopprøret» i 1923, annektert av Nazi-Tyskland i 1939, annektert av Sovjetunionen i 1945 og ein del av Litauen SSR.. Etter kollapsen til Sovjetunionen i 1991 har det vore ein del av Litauen og Klaipėda og Tauragė fylke.

Remove ads

Tidslinje

Tidslinje med kven som hadde kontroll over området
før 1252Kurarar og Skalovianarar
12521525Den liviske ordenen og Klosterstaten til Den tyske riddarordenen
15251657Hertugdømet Preussen, eit len i Den polsk-litauiske realunionen
16571701Hertugdømet Preussen, ein del av Brandenburg-Preussen
17011871Kongedømet Preussen
18711918Kongedømet Preussen, ein del av Det tyske riket
19181920Weimarrepublikken
19201923Ambassadørrådet
19231939Litauen
1939-1945Nazi-Tyskland
1945-1990Litauen SSR, del av Sovjetunionen
1990-presentLitauen
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads