Mendefolk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mendefolk er ei folkegruppe som hovudsakleg bur i Sierra Leone, Liberia og Guinea. Dei talar mandespråket mende. Mendefolk utgjer majoriteten i Sierra Leone, der dei særleg bur i sørlege og austlege område. Ved folketeljinga i 2015 budde det 2 108 232 mendefolk i landet.[1]


Den munnlege tradisjonen deira tyder på at dei vandra inn til området frå Sudan mellom 100- og 1500-talet. Dei har tradisjonelt livnært seg gjennom å dyrka afrikansk ris og fleire andre vekstar, og nyttar vekselbruk for å verna jorda mot utarmning.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads