Merr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei merr (norrønt merr)[1] eller hoppe (knytt til verbet ‘å hoppa’)[2] er eit hodyr i hestefamilien. Ordet blir brukt for hest, esel, muldyr og mulesel. Blir merra brukt i avl, blir ho kalla avlsmerr, og ei yngre merr blir kalla ei «fylje».[3]

Lynne
Merrar blir rekna for å vere lettare å handtere enn hingstar, men merrane har også ein tendens til å kunne vere strie og uviljuge, spesielt når dei nærmar seg brunst.
Bruk
Merrar blir brukt i all hestesport, sjølv om det er somme som føretrekkjer hingstar framfor merrar. Beduinane føretrekte merrar under sine tokt, fordi hingstane ville vrinske til hestane i motstandarane sin leir, medan merrane heldt stilt.
Merrar er også brukt til mjølkeproduksjon, spesielt blant nomadar og tidlegare nomadefolk i Sentral-Asia. Gjæra merramjølk, kjent som kumis, er nasjonaldrikken i Kirgisistan. Merramjølk blir også produsert i Noreg.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.