Merry Christmas Darling
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Merry Christmas Darling» er ein song av The Carpenters, skriven av Richard Carpenter og Frank Pooler, og først spelt inn i 1970.[1] Singelen gjekk til topps på julesingellista til Billboard i 1971 og 1973.
I 1978 gav The Carpenters ut albumet Christmas Portrait med ein ny miks av «Merry Christmas Darling». Den opphavlege miksen frå 1970 vart framleis nytta for singelutgjevingane. Den største skilnaden mellom den originale versjonen og versjonen frå 1978 var ein nyinnspelt vokal av Karen Carpenter. Richard Carpenter sjølv kalla originalinnspelinga ei av dei beste til systera.
Remove ads
Medverkande
- Karen Carpenter - solo- og korvokal
- Richard Carpenter - korvokal, piano, celesta, Wurlitzer elektrisk piano, orkestrering
- Joe Osborn - bass
- Hal Blaine - trommer
- Bob Messenger - tenorsaksofon
- Uncredited - vibrafon
Andre versjonar
Songen vart sungen av skodespelarinna Lea Michele i serien Glee i episoden «A Very Glee Christmas» i 2010.[2]
Songen er òg blitt spelt av Natalie Cole, Amy Grant, Glenn Medeiros, Kimberley Locke, Vanessa L. Williams, Phil Vassar, Boyz II Men, Kyle Vincent, Keali'i Reichel, Briana Cash, Christina Perri, Deana Carter, Jane Monheit og Chicago.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads