Mevaseret Zion

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mevaseret Zion
Remove ads

Mevaseret Zion (hebraisk מְבַשֶּׂרֶת צִיּוֹן) er ein forstad til Jerusalem i Israel. Mevaseret Zion består av to forskjellige bydelar, Maoz Zion og Mevaseret Yerushalayim—styrt under eit lokalt kommunestyre.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Mevaseret Zion ligg på ein fjellrygg 750 meter over havet, i utkanten av Jerusalem. Han ligg ti kilometer frå byen på begge sider av Jerusalem–Tel Aviv-vegen. Han har kring 22 800 innbyggjarar fordelt på 15 bydelar. Han er den rikaste kommunen per innbyggjar i Jerusalem distrikt.

Remove ads

Historie

På grunn av den strategiske plasseringa går busetnaden i området som Mevaseret Zion ligg attende til antikken. Romarane bygde ei festning her, kalla Castellum.[treng kjelde] Krossfararane bygde ei borg over ruinane av denne festninga, Castellum Belveer, som det ikkje finst spor etter i dag.[2] Belveer er nemnt i eit brev frå patriarken Heraklios, av Jerusalem, datert september 1187, der han skildra drapa på kristne « av sverdet til Mafumetus den vantru og den vonde tilbedaren hans, Saladin» og den arabiske erobringa av byen, som fekk namnet al-Qastal.[3]

Under Palestinamandatet refererte britane til dette distriktet som «The Castle». Arabarane kalla det «al-Qastal», medan jødane kalla det «Hacastel».

Under Palestinakrigen i 1948 var det kampar her mellom arabarar og jødar som kjempa om å få kontroll over Qastal, som låg oppom hovudvegen mellom Tel Aviv og Jerusalem. Qastal byta hender fleire gonger i løpet av krigen. Vendepunktet kom då den arabiske kommandøren Abd al-Qadir al-Husayni vart drepen. Mange av arabarane forlet stillingane sine for å vere til stades i gravferda til al-Husayni i Al-Aqsa-moskéen fredag den 9. april. Same dag fall Qastal til Yishuv-styrkane, nesten heilt utan motstand.[4]

Thumb
Maoz Zion frå Castel nasjonalpark

Maoz Zion («Sionskansen») vart grunnlagd i 1951 for å huse nye emigrantar frå Irak, Kurdistan, Nord-Afrika og Iran, som hadde budd i ein ma'abara, eller transittleir, ved foten av Qastel. Mange var tilsette i det nærliggande steinbrotet Solel Boneh.

Mevaseret Yerushalayim vart oppretta aust for Ma'oz Zion i 1956 av jødiske emigrantar frå Nord-Afrika. Han låg på ein rygg nær våpenkvilelinja, nord for Motza. Innbyggjarane arbeidde i frukthagar i Arazimdalen.[5]

I 1963 vart Maoz Zion og Mevaseret Yerushalayim slått saman til ein lokal kommune, som fekk namnet Mevaseret Zion. Namnet kjem frå Jesaja: «Sions gledebod» (Jesaja 40:9).

Thumb
Mevaseret Zion vasstårn
Remove ads

Institusjonar og landemerke

Har'el kjøpesenter ligg ved inngangen til Mevaseret Zion. Den første McDonalds-restauranten som serverte kosher opna her i 1995.[6]

Venskapsbyar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads