Jerusalem distrikt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jerusalem distrikt
Remove ads

Jerusalem distrikt (hebraisk מחוז ירושלים; arabisk منطقة القدس) er eit av seks administrative distrikt i Israel. Det administrative senteret er Jerusalem. Jerusalem distrikt dekkjer eit areal på 652 km² og hadde 1 034 200 innbyggjarar i 2014. Av desse er 67,8 % jødiske og 30,6 % arabarar. Ein femtedel (21 %) av arabarane i Israel bur i Jerusalem distrikt, som omfattar både Aust- og Vest-Jerusalem.[2]

Kjappe fakta Land, Lokale kommunar ...

Dei fleste arabarane i Jerusalem distrikt er palestinarar, kvalifisert for statsborgarskap etter israelsk lov, men som etter eige val er ikkje-borgarar. Minoriteten er israelske arabarar som bur i Abu Ghosh, Beit Safafa og Aust-Jerusalem, der israelske arabarar har vore busett sidan seint i 1970-åra.[3] Den ikkje-jødiske folkesetnaden er 28,3 % muslimar, 1,8 % kristne og 1,4 % ikkje klassifisert av religion.[4]

Remove ads

Administrative inndelingar

Meir informasjon Byar, Lokale kommunar ...

Kommunen Jerusalem, inkludert Aust-Jerusalem og andre annekterte delar av Vestbreidda, utgjer 125 km² eller kring 19 % av Jerusalem distrikt i 2008.[5]

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads