Mevo Hama

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mevo Hama
Remove ads

Mevo Hama (hebraisk מְבוֹא חַמָּה) er ei israelsk busetjing og ein kibbutz sør i Golanhøgdene. Han er den sørlegaste landsbyen i Golan og ligg berre 2 km frå Genesaretsjøen i ei høgd 350 meter over havet. Han er styrt under Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter internasjonal rett, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[1]

Kjappe fakta Region, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Han var den andre israelsk busetjinga som vart grunnlagd i Golan etter seksdagarskrigen i 1967 og var bygd i ein syriske militærbase kalla «Emrit Ez Edeen». Frå her hadde syrarane skote mot kibbutzenim nær grensa (Ein Gev og HaOn). I januar 1968 samla fleire medlemmar i dei kringliggande kibbutzar seg og valde å opprette ei ny busetjing i området og i september hadde dei slått seg ned i ruinane av basen. Dei fekk med seg ei gruppe ungdomar i 1971 frå Israel, Australia og England. Namnet på busetjinga tyder Kjelda til varmekjeldene, og vart gjeven av forfattaren Mattityahu Shalem.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads