Michelsons interferometer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Michelsons interferometer er eit interferometer der ein lysstråle blir delt i to innbyrdes, loddrette strålar ved at ljoset dels slepp igjennom, dels blir reflektert frå ei planparallell skive.

Det vert i dag nytta til måling av vinkeldiameteren for stjerner, og vinkelavstanden mellom komponentar av spektroskopiske dobbeltstjerner.
Det vart funnen opp av Albert Abraham Michelson. Michelson og Edward Morley brukte dette interferometeret i det kjende Michelson-Morley-eksperimentet (1887)[1] i eit mislukka forsøk på å demonstrere effekten av den hypotetiske «etervinden» til lysfarten. Eksperimentet deira gjorde at det ikkje fanst støtte i eksperimenta for eteren og vart etter kvart ein inspirasjon for spesiell relativitet.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads