Midttakleelva

From Wikipedia, the free encyclopedia

Midttakleelvamap
Remove ads

Midttakleelva (òg kalla Takleelva) er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho spring ut frå Taklevatnet og fell derfrå ned den bratta dalsida og lauper saman med elva frå Takledalen. Etter samlaupet renn ho nordover til munningen i Sognefjorden ved Takle, 5 km vest-nordvest for Brekke. Elva er 2,2 km lang (4,7 km rekna frå kjeldene sør for Taklevatnet), og har eit nedbørfelt7,35 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 0,87 m³/s.[1]

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Midttakleelva er utbygd til kraftproduksjon i Takle kraftverk, som utnyttar fallet frå Taklevatnet ned til kote 72. I samband med Samla plan for vassdrag vart det vurdert ei større utbygging av vassdraget, som ville medført overføring av vatn frå Storelva, auke av reguleringshøgda i Taklevatnet til 15 meter, og bygging av ein ny kraftstasjon nede ved Sognefjorden.[2] Men dette prosjektet vart oppgjeve og den nye kraftstasjonen vart bygd på same stad som før og utan nye reguleringar.

Ved elva nede ved Takle ligg Vassbruksmiljø Takle, med ei restaurert stampemølle som nyttar elva som drivkraft til framstilling av filt og vadmål.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads