Midwayøyane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Midwayøyane
Remove ads

Midwayøyane er ein atoll på 6,2 km² som er underlagt USA i det nordlege Stillehavet. Atollen består av øyane Sand Island, Spit Island og Eastern Island. Geologisk sett er atollen ein del av øygruppa Hawaii, sjølv om han ikkje er rekna til Hawaii i dag.

Kjappe fakta Land, Areal ...
Thumb
Midwayøyane i Stillehavet.
Remove ads

Historie

Midwayøyane blei oppdaga av av kaptein N.C. Middlebrooks den 5. juli 1859. Kaptein William Reynolds la øyane formelt under USA i 1867, og dei vart då dei fyrste stillehavsøyane som vart annektert av USA.

I 1903 vart øyane busette av arbeidsfolk som ville leggja telegrafkabel over Stillehavet. Dei innførte mange ukjende artar til øyane, t.d. kanarifugl, konglepalme, stovegran og kokosnøttpalme i tillegg til maur, termittar, kakerlakkar, tusenbein og mange andre insekttypar. Seinare same året vart ein radiostasjon oppretta på øya, og marinesoldatar vart plassert der.

Pan American Airlines begynte med sjøflyturar for rike turistar frå San Francisco til Kina så tidleg som 1935. Sjøflya mellomlanda ved Midwayøyane, så turistane fekk sjå øyane.

Frå 5. til 7. juni 1942 stod slaget ved Midway mellom USA og Japan. Øyane var strategisk viktige for USA også under Koreakrigen og den kalde krigen.

Øyane er i dag svært viktige for dyrelivet sitt. Store mengder av verdsbestanden av laysanalbatross og svartfotalbatross hekkar på Midwayøyane.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads